Bakgrunn
Langs farleia frå havet inn mot
havna på Algrøy er det ei rekkje fortøyningsboltar på begge sider av
innseglinga. Boltane har stått der frå gamal tid og er i ferd med å verta gløymde
og usynlege. På Tjørnøy som er ytste øya i innseglingleia, står der ein
steinvarde med seglmerke av tre på toppen. Varden ruvar i terrenget og er synleg langt til havs, og må
og vera svært gamal.
Det har gjennom tidene vore ulike
statsvesen som har vedlikehald alt dette, men vedlikehaldsarbeidet er etterkvart trappa ned, og dei fleste
av fortøyningsmerka, dei såkalla blinkane, er ikkje synlege lenger.
Algrøy Bygdalag ynskjer å ta vare
på desse kulturminna og har sett i gang eit prosjekt for å vøla og vedlikehalda
både varden og fortøyningsboltane/-blinkane.
Sjømerkene
Varden på Tjørnøy inngår i ei
rekkje av liknande vardar langs kysten og tente som vegvisar for skipstrafikk
frå havet. Vardane ligg tett på kysten her vest, og har litt ulik storleik,
Neste varde mot sør ligg vest for Telavåg og varden nord for Tjørnøy ligg på Ljøsøy
vest for Kårtveit. Varden på Tjørnøy består av ein ca 6 meter høg steinvarde
med ei 0,6 meter høg tregrind på toppen, montert på eit stålstativ som er ca
0,5 meter høgt..
Fortøyningsinstallasjonane består
av solide jernboltar, nokre med jernring omkring og eit rundt merke, ein blink,
som er malt på bergveggen bak bolten for å synleggjera frå avstand kvar fortøyningsbolten
er.
Historisk utvikling
Fortøyningsboltane er ulike og
oppsett til ulik tid, og typen boltar tidfestar oppsetjingstidspunket. Alt i
lover og rettsbøker frå det 13. og 14.århundre fins vedtekter og reglar for
fortøyning, men då var det tale om naturlege feste for fortøyning eller
samankasta steinhaugar med påle i midten, såkalla åborder. Første gongen
boltane er omtalt i skrivne kjelder er på 1600 talet. Det er ingen som veit når
tid dei første boltane vart oppsette i vårt område. Ut frå litteraturen omkring
dette kan det tyde på at dei eldste her omkring kan vera frå tidleg 1800 talet,
og at dei fleste er oppsett utover på 1800 talet ein gong. Fortøyningsboltane vart brukt av handelsfartøy og
fiskefartøy som låg i havn ved uver, i helger eller når dei av andre grunnar
hadde landligge. Også føringsfartøy og fiskeoppkjøparar hadde nytte av desse
boltane. Det eksisterer ein del litteratur om oppsetjing og bruk av boltane som
vi ikkje skal gå nærare inn på her. Etter tettleiken av boltar å døma har det
vore stor skipstrafikk og aktivitet i farvatnet rundt Algrøy.
Dei første fortøyningsringane var
i privat eige med høve til innkreving av avgift. Etter kvart overtok staten
eigarskapet til boltane, og det vart oppretta ein eigen statsetat,
Ringevesenet, seinare Merkevesenet, som hadde ansvar for oppsetjing og
vedlikehald av boltane som var eit nyttig tiltak for skipsfart, fiskeri og anna
verksemd på kysten i tidegare tider. I 1922 vart ansvaret for fortøyningsboltane
overteke av Statens Havnevesen og Kystverket fekk då det vart oppretta, ansvar
for drift og vedlikehald av boltane. Vedlikehaldet held fram til ein gong på
1960- 70 talet
Ved minkande nytte og bruk har
Kystverket ikkje prioritert vedlikehald av installasjonane og dei forfell.
Prosjektet
Fortøyningsboltane og vardane
langs kysten fortel ei viktig historie om kystkulturen vår og vi ynskjer å
gjera ein innsats for å ta vare på desse kulturminnesmerka ved å setja dei i
stand, vedlikehalda dei, og formidla informasjon om desse minnesmerka i
skjergarden vår.
Toppen av varden skal byggjast
opp på nytt og dette arbeidet er i hovedsak gjennomført. Det er laga ny stålgrind
for treverket, denne er støypt fast oppå varden og nytt treverk er montert. Alt
dette er til erstatning for det gamle som er rusta og rotna vekk. Det er 40 år
sidan toppen av varden vart borte.
Det som står att av dette arbeidet er beising og smørjing av tre og jern. Dette
reknar vi med å fullføra i sommar.
Arbeidet med fortøyningsboltane
er så vidt i gang. Boltane er av stål og skal bankast fri for rust og malast
fleire gonger med eigna maling
Blinkane i berget skal malast
etter at berget er godt reingjort for mose og lav. Det må påførast maling
fleire gonger.
Det er i alt 25 slike boltar med
tilhøyrande blinkar langs innseglinga og i havna på Algrøy.
Etter at arbeidet er gjort vil
alle som ferdast i området igjen kunna sjå spora frå seglskutetida.
Nytteverdi – kunnskap og
identitet
Dette er
eit kulturhistorisk arbeid som det er viktig å få utført før boltane rustar
vekk og blinkane forsvinn heilt. Arbeidet vert gjort i nær kontakt med
Kystverket som synes dette er eit godt initiativ.
Resultatet av arbeidet vil vera
godt synleg både for turistar og fastbuande som det ferdast mange av i området.
Vi har fått positiv tilbakemelding på det som er gjort.
Informasjon om prosjektet vert
lagt ut på nettsida til Algrøy Bygdalag og vi håpar at tiltaket vil gje både bygdefolk og tilreisande
innblikk i denne delen av lokalhistorien. Det vil styrka identitet og gje
kunnskap om bygda vår.