Hans Inge Algrøy – leiar
Vigdis Sekkingstad -
nestleiar
Aud Svelund – kasserar
Leif Algerøy
Benedicte Algrøy
Thor Petter Braathen
Per Vadseth (til august)
Nils Kåre Algrøy ( fast
møtande vara til august, deretter fast medlem)
****
Det har vore avhalde månadlege
styremøter i laget
Laget sine aktivitetar sidan forrige årsmøte har i hovudsak
vore fylgjande:
1 Bygdafest
Bygdafest
vart halden Mexikansk stil i mars, med god oppslutning og høg stemning
2
Lunge – hjerte redningskurs
I
alt 4 Lunge – hjerte redningskurs
er haldne på Algrøy Bedehus med lokale helsearbeidarar som kursleiarar.
3
17. mai
17.
mai vart feira på tradisjonelt vis med godt ver og mykje folk. Talar for dagen
var Leif Algerøy
4 Havgangen
Turmarsjen
Havgangen vart gjennomført i juni med 127 deltakarar, som er 50% høgare
deltakartal enn i 2010. Fint ver, god stemning og i hovedsak god tilbakemelding
på merkinga av dei nye turløypene.
5 Turløypene
Merkinga av turløypene er forsterka ved oppsetjing av fleire
og bedre farga merker, og fritidsgruppa med Leif i spissen har gjort ein
kjempeinnsats med å laga og setja opp skilt som viser stadnavn i terrenget
langs løypetraseane
6 Jonsokafta
Jonsokaftefeiring
med bålbrenning og grilling ved Vågsvatnet. God deltaking, men oppslutninga om
annonsert transport og bygging av bål bør bli bedre.
7 Langøykafeen
Drift
av kafeen på Langøy sommaren 2011. Styret i Bygdalaget hadde 3 helgevakter på
Langøykafeen i sommar. Det vart lite overskot til laget, men det er eit viktig
lokalt tiltak å halda kafeen open. Bygdalaget har påteke seg tilsvarande
oppgåve sommaren 2012, og vil oppfordra folk i bygda til å vera med på denne
dugnaden.
8 Langøydagane
Bygdalaget deltok med stand på Langøydagane med
informasjon om turløypene på
Algrøy
og salg av kart mv. Vi er førespurd om deltaking i 2012, og då og med spørsmål om
å ha eigen Algrøystand. Dette må drøftast med utstillarane frå Algrøy
9 TV
aksjonen
Søndagskafe
i allaktivitetshuset i samband med
TV aksjon vart halde 23 oktober.
Vi
fekk inn svært mange flotte gevinstar frå lokalt næringsliv mv
Ca
100 møtte fram og arrangementet gav
eit overskot til TV aksjonen på
kr 5600
10 Informasjonstavle
Bygdalaget
har igangsett arbeid med å laga informasjonstavle om Algrøy med turvegar
innteikna. Informasjonen vert plassert på ny tavle ved skulen og på Bygdalaget
si oppslagstavle på vegen/plassen ved Storemyra.
11 Julegrantenning
Julegrantenning vart gjennomført
den 27. november. Trass i dårleg ver var det
bra
frammøte.
12 Algrøykalendar
Bygdalaget
har laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet tekne av folk i bygda.
Det er selt 90 kalendarar som har gjeve eit bidrag til drifta av bygdalaget med
over 6000 kroner.
13 Heimeside,
www.bygdalaget.no
Bygdalaget
har laga eiga heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår
her. Vi er svært stolte av denne sida som på 4 månader har hatt ca 14.000
besøk. Bygdalaget oppmodar folk i og utanfor bygda til å bidra med stoff til
heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.
14
Fotokonkurranse
På
heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til
kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle
anledningar. For å få inn bilete har Bygdalaget via heimesida lyst ut
fotokonkurranse med premiering
15 Kongvikvegen
Navnesaka
som gjeld Kongvikvegen rullar vidare og bygdalaget har sendt inn ny klage med
nye opplysningar. Kommunen støttar
våre synspunkt og har sendt saka til ny handsaming hos Klagenemnda for
stadnamnsaker der handsamingstida er lang
16 Fartsgrense
Bygdalaget
har på nytt teke opp saka om fartsgrense på Algrøy/ Langøy. Vegvesenet har
avhalde farts-/ og trafikkmåling på Langøy og vil vurdera redusert fartsgrense
på nytt ut frå dette. Tidsramme ukjent.
Vi
har og førespurt Vegvesenet om det er mogeleg å male kvit stripe for
forgjengarsti på vegskulderen mellom Algrøy og Langøy slik at forgjengarar/
turgåarar kan ferdast tryggare. Dette har Vegvesenet avslått med grunngjeving
at det ikkje er plass til gangsti på så smal veg
17 Postnummer
Bygdalaget
har på nytt bedt om eige postnummer for Algrøy, men fått til svar at dette ikkje er mogeleg. Saka vert ikkje teke
opp igjen med det første.
18
Tilskot til Bygdalaget
Bygdalaget
har i året motteke kr 2000 i driftstilskot frå Fjell Kommune
19 Tilskot
frå Bygdalaget
Bygdalaget
har i 2011 gjeve kr 1000 i tilskot til skidag for
skuleborna på Algrøy Skule
Styret takkar bygdefolket for
god oppslutning om laget sine arrangement og aktivitetar i 2011 og for deltaking i dugnader.
Dette vil vi arbeide med i 2012.
I 2012 vil Bygdalaget halda
fram arbeidet med å laga til arrangement ved dei faste anledningane.
Vintersportsaktivitetar vil
verta gjennomført hvis føret tillet det
Turvegprosjektet vil bli
vidareutvikla ved opprusting av sti/ veg der det er behov for dette
Nye lunge- hjerteredningskurs vil verta haldne
Heimesida vil verta halden
ved like og vidareutvikla
Vi håpar på framleis god
oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som
deltakarar, og tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og
arbeida med
Algrøy,20. januar 2012
Styret i Algrøy Bygdalag