Turstiane på Algrøy

Aktivitetar for store og små

Algrøy har eit fantastisk kystlandskap der havet som trengjer seg inn mellom holmar og lange viker, Kongvika, Barmana og Vikja. Heilt ytterst på Smalanese, Barmenese og Sandeide bryt havet på med kjempebølgjer.

Går du tur i dei tre turstiane som vi har merka, kan du oppleva det mektige havet bade i ruskever og på fine dagar med sol og stille. Roe ned i sinn og sjel. Du kan sjå havørn som svevar over landskapet, hubro, kattugle, oter, kobbe og villsau.

 Tre turstiar er godt merka, gul, blå og raud løype. Alle stiane går ut til havet. Det er sett opp skilt som fortel kva det heiter der du står, navnet  på forskjellige stadar du kjem til, og lengde i kilometer.

På turkarta som er utarbeidde er det navn og nummer. I ein foldar som høyrer til, finn du fleire navn tilknytta kartet. Foldaren vert fornya til Havgangen kvart år. Havgangen er den store turdagen for heile familien som vert arrangert i juni kvart år. Turen startar på skulen kl 10.00. Du kjem når du vil, dette er ein turdag der du sjølv bestemmer starttidspunkt og tempo. Turen endar ved skulen der vi har ferdig opptende grillar. Ta med vener og grillmat, maten kan stå igjen på skulen medan de er på tur. Veret er fint ute, sjølvsagt, for dette har vi kontroll på, men skulle det bli ruskever har vi Bygdahallen

 Vi er glade for ros og ris – ta kontakt med oss.

 GOD TUR!





Nyeste kommentarer

30.01 | 16:51

Pappen ser deg!

08.06 | 11:07

Hei.
Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass.
Har hytte på Algrøy(siden 2002).
Har leiet i marinaen tidligere, har nå båten liggende på Syltøy.
Ganske tungvint

04.01 | 18:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

15.07 | 13:19

Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????