Årsmelding 2014

Årsmelding Algrøy Bygdalag 2014

Styret har vore slik samansett i 2014:

Hans Inge Algrøy – leiar, Benedicte Algrøy - nestleiar, Aud Svelund – kasserar

Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Vidar Danielsen,  Leif Arne Næss, Raymond Hjelland (vara), Ingvill Sørensen (vara)

 Laget sine aktivitetar i 2014 var i hovudsak fylgjande: 

 1   Årsmøte 2013  

      Årsmøte i Bygdalaget  vart halde den 28. januar med  23 personar til stades

       2   Bygdafest

Bygdafesten 2013 vart halden  lørdag 15. februar, med stor oppslutning og god stemning, ca 70 personar deltok.

 

3    Natursti 

Søndag  23.mars arrangerte Bygdalaget natursti. Det var sett opp 5 postar med spørsmål på, og vinnarar vart premierte ved ankomst til målpunktet  Elvane, der grillen var fyrt opp og deltakarane kunne grilla mat.

 

4    Dugnad – oppgradering av turveg 

      Lørdag 5.april vart eit stykke av turvegen frå Storagrinda grusa på nytt. Vi fekk ordna grøfter og leia vatn bort frå vegen slik at han no er mykje tørrare. Takk til alle som var med.

 

5   Fiskekonkurranse 

Bygdalaget arrangerte fiskekokurranse søndag 4. mai med godt oppmøte. Etter fiskinga var det samling på skuleplassen med premieutdeling og grilling.

 

6    17. mai

Etter at skulen på Algrøy vart lagt ned som barneskule var det litt usikkert korleis 17. mai feiring på Algrøy skulle foregå for å ikkje koma i konkurranse med Skålvik Skule.   Bygdalaget inviterte derfor til samling på skulen kl 16 med tradisjonelt program. Dette viste seg å vera eit bra opplegg og det kom mykje folk.

 

7    Havgangen
Turmarsjen Havgangen vart gjennomført 9. juni med ca 150 deltakarar. Fint ver, god stemning og god tilbakemelding på merkinga av dei nye turløypene. På skuleplassen var grillane varme og Bygdalaget selde mat, T-skjorter og capser.

 

8    Jonsokafta

      Den tradisjonelle Jonsokaftefeiringa ved Vågsvatnet vart denne gongen gjennomført i bra ver og med mykje folk tilstades. Det er behov for fleire folk til å laga bålet

   

       9   TV aksjonen 

Søndagskafe vart halde i allaktivitetshuset  i samband med TV aksjonen. Ca 80 møtte fram og arrangementet gav eit overskot til TV aksjonen på kr 5500.

 

        10  Julegrantenning – juleverkstad

I samband med julegrantenninga vart det og arrangert juleverkstad  i allaktivitetshuset den 2.desember.  Det var som vanleg  god  opplutning om begge arrangementa.

         

       11  Algrøykalendar 

Bygdalaget har for tredje gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet, tekne av folk i bygda. Det er selt 90 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget .  Vi oppmodar folk til å ta bilder på alle årstider og senda til Bygdalaget som kandidat til neste års kalender.

 

       12 Heimeside,  www.bygdalaget.no

Bygdalaget si  heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart godt vedlikehalden i 2014 og er godt besøkt. I løpet av dei snart 3 åra sida har eksistert har det vore  120.000 treff på sida. Sida er såleis blitt ei mykje brukt informasjonskjelde i bygda. Bygdalaget oppmodar folk  til å bidra med stoff til heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.

 

Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget (www.facebook.com/algroyna)

 

     13   Fotokonkurranse

På heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. I 2014 hadde vi fotokonkurranse  med temaene Selfie. Det var heller liten oppslutnad om denne  konkurransen.

 

14  Trafikksituasjonen
Dette året er det sett opp busskur i krysset fylkesveg/ Kongvikvegen. Søknader om lavare fartsgrense og fartshumpar på kommunal veg ligg inne hos kommunen.

 

       15 Grasrotandel

Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel for  tipping til bygdalaget. For 2014 gav dette inntekt på kr 3.900 til bygdalaget som kjem til utbetaling i 2015. Vi oppmodar framleis dei som spelar LOTTO mv om å ha Bygdalaget som sin mottakar av grasrotandelen.

 

       16 Tilskot til Bygdalaget

Bygdalaget har i året motteke kr 4.500 i tilskot frå Fjell Kommune, kr 20.000 frå Gjensidigestiftelsen og kr 27.000 frå Hordaland Fylkeskommune. Vi takkar hjarteleg for bidraga.

 

Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2014 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar.

Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

Algrøy, 28. januar 2015
Styret i Algrøy Bygdalag

| Svar

Nyeste kommentarer

30.01 | 16:51

Pappen ser deg!

08.06 | 11:07

Hei.
Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass.
Har hytte på Algrøy(siden 2002).
Har leiet i marinaen tidligere, har nå båten liggende på Syltøy.
Ganske tungvint

04.01 | 18:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

15.07 | 13:19

Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????