Referat frå Årsmøter i Algrøy Bygdalag

Årsmelding 2021

Årsmelding Algrøy bygdalag 2021

 

Styret har vore slik samansett i 2021:


Styremedlem : Vidar Danielsen (leiar), Ingrid Algrøy Sæle (kasserar), Tom Andersen, Charlotte Algrøy, Vidar Romarheim, John Arne Nilsen, Jon Harald Algrøy

Varamedlem : Arnt Jonassen, Elise Algrøy.


Både faste og varamedlem vert kalla inn til alle møter. Dette er ei god ordning som gjev fleire innspel, og sikrar at arbeidsoppgåvene vert fordelt på fleire.


Laget sine aktivitetar i 2021 var i hovudsak fylgjande:


1. Skøytedag på Vågsvatnet

Vinterværet i februar 2021 gav oss moglegheit til å arrangere ein skøytedag på Vågsvatnet. Mange born og vaksne deltok på løp denne flotte vinterdagen. Skøytebana var flittig i bruk elles i denne perioden. Takk til dugnadsgjengen som klargjorde skøytebana.


2. Påskerebus

Grunna smittevernsreglar i desse tider valgte bygdalaget å lage ein rebus ein kunne delta på puljevis og over eit par dagar. Engasjementet var stort og mange oppgåver vart løyste på kreativt vis. Vinnaren av rebusen var Mai Iren Svelund.


3. Bildekonkurranse

På våren arrangerte bygdalaget ein bildekonkurranse. Det var mange som sendte inn flotte bilete av ulike motiv på Algrøy. Vinnar av konkurransen var Anne Kristin Algrøy.


4. St. Hans

Rundt 100 store og små var samla til tradisjonell St. Hans-feiring ved Vågsvatnet. Bygdalaget stilte med varme grillar, og praten gjekk lett rundt borda. Det var veldig kjekt å treffe sambygdingar etter eit år med avstand og smittevernstiltak.  


5. Dugnad veg til Vågsvatnet

I år har det vorte gjennomført eit større dugnadsprosjekt for å utbetre vegen til Vågsvatnet. Mange har vore i sving over fleire dagar og veker for å få gjennomført dette.

Tusen takk til alle som har bidratt!


6. Bygdafest

Bygdalaget arrangerte og i år bygdafest i hallen. Urtemakeriet leverte nydeleg mat og Solveig Algrøy stod for underhaldning.



7. Juleverkstad og julegrantenning

Tradisjonen tru samla mange ungar seg i hallen første søndag i advent. Her var det stor produksjon av julegåver og anna. Etter aktivitetane var ferdige inne bar det ut på skuleplassen for å tenne julegranen, gå rundt treet og få besøk av nissen. 


8. Algrøykalendar

Bygdalaget har for tiande gong laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet. Bildekonkurransen på våren gav oss mange flotte motiv å velgje mellom då kalendaren skulle lagast. Vi oppmodar folk til å ta bilete til alle årstider og senda til bygdalaget som kandidatforslag til neste års kalender. For at vi skal kunne ha ein best mogleg kvalitet på bileta i kalendaren, er det naudsynt at vi får tilgong til bildefilene. Hald fram med å nytte #mittalgrøy på Instagram.


9. Heimeside www.bygdalaget.no   

Bygdalaget si heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart vedlikehalden i 2021 og er godt besøkt. E-postadresse for innsending av stoff finn du på sida. Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget: www.facebook.com/algroyna


10. Aktivitetar i hallen

Bygdalaget administrerer utleige av skulehallen. Faste aktivitetar er søndagsfotball, innebandy, korøving, og barneaktivitet i samband med Treffpunkt på bedehuset - desse har utgått i periodar pga Covid-19. Elles har det vore barneselskap, familieselskap og andre festlege samankomstar som i hovudsak har gått føre seg i helgene, og i år i noko mindre grad enn tidlegare år. All aktivitet har vore innanfor smittevernsreglane til dei aktuelle tidene. Prisen vart i 2017 differensiert slik at utleigepris for medlem og ikkje-medlem av bygdalaget er ulik. 


11. Medlemskap i Bygdalaget

Medlemskontingenten i Bygdalaget er med å finansiere aktiviteten i laget. Kontingenten ligg på eit lavt nivå og vil fortsetja med det. Det er viktig at flest mogleg er medlemmar for å synleggjera at laget representerer mange, til dømes i samband med søknader om økonomisk stønad og andre saker.



Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2021 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar. Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.

 

Algrøy, 09.03.22

Styret i Algrøy Bygdalag




Årsmøte 2018

Referat frå årsmøte i Algrøy bygdalag


Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader.

Vidar Danielsen vart valgt som ordstyrar.

Gjennomgang av årsmeldinga.
Det kom forslag frå årsmøtet om å sende ut årsmeldinga og referat frå årsmøtet i postkassen til medlemma i bygdalaget. 

Gjennomgang av rekneskap for bygdalaget av Ingrid Sæle, og hallrekneskapet av Kristin Algrøy. Ingen merknader.

Styre i Algrøy bygdalag er samansett slik i 2018;
Dag Sekkingstad (styremedlem)
Vidar Romarheim (styremedlem)
Jon Harald Algrøy (styremedlem)
John Arne Nilsen (styremedlem)
Ingrid A. Sæle (styremedlem)
Sissel Algrøy (styremedlem)
Jannicke Helen Wilhelmsen (styremedlem)
Tom andre andersen (varamedlem)

Då det ikkje har vore kandidatar til vervet som styreleiar vart årsmøtet einige om at styre konstituerer seg sjølv, dette i samsvar med vedtektene til bygdalaget.

Valkomité; 
Siri Jørgensen
Hans Inge Algrøy

Utleige av fleirbrukshall;
Kristin Algrøy og Hans Inge Algrøy held fram med å administrere utleige av hallen. 
Det vart orientert om planar om å utnytte heissjakta til lagerrom etter avtale med og godkjenning frå rektor. Utleigeansvarleg har óg gjennomgått diverse feil og manglar ift vedlikehald i hallen med rektor.


Styre i Algrøy bygdalag
Algrøy, 07.02.18

Årsmøte 2017

Referat frå årsmøte i Algrøy Bygdalag 6.februar 2017

Den 6.februar 2017  kl 19.00 vart det halde årsmøte i Algrøy Bygdalag med 24 frammøtte 

Sak 1
Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader.
 

Sak 2
Til ordstyrar vart vald Bjarte Algrøy, til å underskriva møtebok vart vald Aud 
Svelund og Kristin Algrøy

Sak 3
Årsmelding vart utdelt og gjennomgått. Årsmøtet tok årsmeldinga til orientering.
 

Sak 4
Rekneskap vart utdelt og gjennomgått av kasserar Aud Svelund. Det framkom ingen merknader til rekneskapen, og årsmøtet godkjende rekneskapen som var revidert av laget sin valde revisor, Rigmor Algrøy. Det vart påpeikt av årsmøte at ein ikkje kan basera drifta frå år til år på tilskot, då desse vil variera. Kristin Algrøy framla rekneskapen for Bygdahallen. Det var ingen merknader til denne rekneskapen.

Sak 5
Av styret var følgjande representantar på valg:
Ingvild Sørensen, Bjarte Algrøy, Aud Svelund. 
samt følgjande vararepresentantar:
Elisabeth Eide Algrøy og Kristin Algrøy

Hans Inge Algrøy frå valgkomiteen presenterte fylgjande kandidatforslag:

Jon Harald Algrøy
Ingrid Algrøy Sæle
John Arne Ruud Nilsen
Trude Stamnes
Vidar Romarheim
Ingvild Sørensen

Bjarte Algrøy, Aud Svelund, Kristin Algrøy og Elisabet Eide Algrøy hadde sagt frå seg attval.

Kandidatforslaga frå valgkomiteen vart alle valgt inn i styret i Algrøy Bygdalag. Årsmøte godkjente at styret sjølv bestemmer kven som vert valgt inn som faste representantar for 2 år og kven som vert valgt som vara for 1 år. Av dei seks kandidatane skal det vera tre faste representantar som vert valgt for 2 år og tre vara representantar valgt for 1 år. 

Til leiar vart Vidar Danielsen valgt.
Til revisor vart Rigmor Algrøy attvalgt.
Til valgkomite vart Nils Algrøy og Hans Inge Algrøy attvalgt.

Etter dette valget består styret i Algrøy Bygdalag av:

Vidar Danielsen – leiar, fast representant valgt inn i 2016, valgt som leiar i 2017.
Siri Jørgensen – fast representant valgt inn i 2016.
Dag Sekkingstad – fast representant valgt inn i 2016. Valgt som nestleiar.
Robert Algrøy – fast representant valgt inn i 2016
Jon Harald Algrøy – fast representant valgt inn i 2017.
Ingrid Algrøy Sæle – fast representant valgt inn i 2017. Valgt som kasserar.
John Arne Ruud Nilsen – fast representant valgt inn i 2017.
Trude Stamnes – vararepresentant valgt inn i 2017.
Ingvild Sørensen – vararepresentant valgt inn i 2017.
Vidar Romarheim – vararepresentant valgt inn i 2017.

Sak 6
Medlemskontingent vert halde uendra på kr 175 kr pr år for familiemedlemskap og kr 100 
for enkeltpersonar.

Sak 7
a) Det vart lagt fram for årsmøte om det skal opprettas eigen 17. maikomite slik at styremedlemmene i bygdalaget ikkje må ta på seg dette arrangementet år etter år. Det vart drøfta av årsmøte, men funne lite realistisk at nokon andre en styret i Bygdalaget vil ta på seg denne oppgåva. Årsmøte meiner derfor at styret i Bygdalaget må gjennomføre arrangementet. Det er viktig å presisere at dei kan delegere oppgåver til andre på bygda. I 2016 hadde Bygdakoret ansvar for arrangementet.

b) Det vart lagt fram for årsmøte planar om «Prosjekt badeplass Storavatnet». Styret i Bygdalaget har drøfta om ein skulle gå i gang med eit prosjekt for å rusta opp badeplassen i Storavatnet. Storavatnet har vore brukt som badevatn i generasjonar og det hadde vore positivt for bygda å lage til rette for ein badeplass, også for dei minste. Eit slikt prosjekt vil kreva dugnadsarbeid og vil bera med seg utgifter til t.d. skjelsand, badebrygge, benkar, bruer langs stien osb. Årsmøte er positiv til at styre i Bygdalaget jobbar vidare med denne saka.

Årsmøte 2016

Referat frå årsmøte i Algrøy Bygdalag 9.februar 2016

Den 9.februar 2015  kl 19.00 vart det halde årsmøte i Algrøy Bygdalag med 15 frammøtte.

Sak 1 - Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader.

Sak 2 - Til ordstyrar vart vald Bjarte Algrøy, til å underskriva møtebok vart vald Aud  Svelund og Kristin Algrøy.

Sak 3 - Årsmelding vart utdelt og gjennomgått. Årsmøtet tok årsmeldinga til orientering.

Sak 4 - Rekneskap vart utdelt og gjennomgått av kasserar Aud Svelund. Det framkom ingen merknader til rekneskapen, og årsmøtet godkjende rekneskapen som var revidert av laget sin valde revisor, Rigmor Algrøy. Kristin Algrøy framla rekneskapen for Bygdahallen. Det var ingen merknader til denne rekneskapen.                                

Sak 5 - Av styret var følgjande representantar på valg:  Vidar Danielsen, Bjarte Algrøy, Hans Inge Algrøy, Leif Algerøy og Leif Næss,  samt følgjande vararepresentantar:  Siri Jørgensen og Kristin Algrøy. 

Elise Hordvik frå valgkomiteen presenterte fylgjande kandidatforslag:

- Vidar Danielsen
- Bjarte Algrøy
- Kristin Algrøy
- Siri Jørgensen
- Dag Sekkingstad
- Robert Algrøy
- Elisabeth Eide Algrøy

Hans Inge Algrøy, Leif Algerøy og Leif Ness hadde sagt frå seg attval.

Kandidatforslaga frå valgkomiteen vart alle valgt inn i styret i Algrøy Bygdalag. Årsmøte godkjente at styret sjølv bestemte kven som vart valgt inn som faste representantar for 2 år og kven som vart valgt som vara for 1 år. Ein av dei faste representantane vart valgt inn for eit år for å få ei jamnare fordeling av medlemmer på valg pr. år. 

Til leiar vart Bjarte Algrøy valgt.
Til revisor vart Rigmor Algrøy attvalgt.
Til valgkomite vart Nils Algrøy attvalgt og Hans Inge Algrøy valgt. 

Etter dette valget består styret i Algrøy Bygdalag av:
Bjarte Algrøy – leiar, fast representant valgt inn for 1 år.
Vidar Danielsen – fast representant valgt inn for 2 år.
Siri Jørgensen – fast representant valgt inn for 2 år.
Dag Sekkingstad – fast representant valgt inn for 2 år.
Robert Algrøy – fast representant valgt inn for 2 år.
Aud Svelund – fast representant valgt inn i 2015.
Ingvild Sørensen – fast representant valgt inn i 2015.
Elisabeth Eide Algrøy – vararepresentant valgt inn for 1 år.
Kristin Algrøy – vararepresentant valgt inn for 1 år

Sak 6 - Medlemskontingent vert halde uendra på kr 175 kr pr år for familiemedlemskap og kr 100  for enkeltpersonar.

Sak 7 - Årsmøtet godkjente å auke utleigepris for  allaktivitetshuset med 100 kr for ikkje medlemmar av Algrøy Bygdalag. Dette for å stimulere fleire av bebuarane på øya til å bli medlem av laget.

Referat frå årsmøte i Algrøy Bygdalag 3.februar 2015

 

Den 3.februar 2015   kl 19.00 vart det halde årsmøte i Algrøy Bygdalag med 16 frammøtte.

 

Sak 1

Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader


Sak 2

Til ordstyrar vart vald Hans Inge Algrøy, til å underskriva møtebok vart vald Aud Svelund og Bjarte Algrøy.


Sak 3

Årsmelding vart utdelt og gjennomgått. Årsmøtet tok årsmeldinga til orienteering.


Sak 4

Rekneskap vart utdelt og gjennomgått av kasserar Aud Svelund. Det framkom ingen merknader til rekneskapen, og årsmøtet godkjende rekneskapen som var revidert av laget sin valde revisor   Kristin Algrøy, som og framla rekneskapen for Bygdahallen. Det var ingen merknader til denne rekneskapen.

 

Sak 5

Til møtet var utsendt framlegg til endring av vedtekter for bygdalaget:

- Pgr 4. Årsmøtet vel 7 styremedlemar og inntil 4 varamedlemer

- Pgr 8. Årsmøtet skal haldast innan 15. februar

- Pgr. 9. Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera innkomne til styret innan 1 veke før årsmøtet

- Pgr 10. Styret si økonomiske fullmakt er avgrensa til kr 20.000 i enkeltsaker. Endringane vart vedtekne samrøystes.

 

Sak 6

Av styret var: Aud Svelund og Benedicte Algrøy på valg, begge for 2 år samt vararepresentantane Ingvild Sørensen og Raymond Hjelland.

 

Elise Algrøy frå valgkomiteen presenterte fylgjande kandidatforslag: Aud Svelund
Ingvild Sørensen
Kristin Algrøy
Siri Jørgensen
Stian Turøy


B enedicte Algrøy og Raymond Hjelland hadde sagt frå seg attval.

 

Valget vart avhalde som   fleirtalsvalg der dei 2 kandidatane som fekk flest røyster vart innvalde som faste medlemer i styret og dei tre neste vart vararepresentantar.

 

Det vart deretter føreteke skriftleg avstemming som gav slikt resultat: Aud Svelund - attvalg som fast medlem for 2 år
Ingvild Sørensen - valgt som fast medlem for 2 år
Kristin Algrøy - valgt som varamedlem for 1 år
Siri Jørgensen – valgt som varamedlem for 1 år
Stian Turøy – valgt som varamedlem for 1 år

               

Til leiar vart Hans Inge Algrøy attvalgt.
Til revisor vart Rigmor Algrøy valgt.
Til valgkomite vart Elise Algrøy og Nils Algrøy attvalde.

 

Etter dette valget består styret i Algrøy Bygdalag av:
Hans Inge Algrøy – leiar, Aud Svelund, Leif Algrøy, Bjarte Algrøy, Vidar Danielsen, Leif NæssIngvild Sørensen.
Kristin Algrøy, Siri Jørgensen, Stian Turøy er vararepresentantar.

 

Sak 6
Medlemskontingent vert halde uendra på kr 175 kr pr år for familiemedlemskap og kr 100  for enkeltpersonar.

16 ivrige medlemmer møtte opp på Årsmøtet 2014

Referat frå årsmøte i Algrøy Bygdalag 20. februar 2013

Den 20. februar 2013  kl 19.00 vart det halde årsmøte i Algrøy Bygdalag med 26 frammøtte.


Sak 1            -            Innkalling og sakliste vart godkjend utan merknader.


Sak 2            -            Til ordstyrar vart vald Hans Inge Algrøy


Sak 3            -            Årsmelding var utdelt gjennomgått.  Årsmøtet tok årsmeldinga til orientering


Sak 4            -            Rekneskap vart utdelt og gjennomgått av kasserar Aud Svelund. De framkom ingen merknader til rekneskapen og årsmøtet  godkjende rekneskapen som var revidert av laget sin valde revisor. Kristin Algrøy framla rekneskapen for Bygdahallen. Det var ingen merknader til denne rekneskapen. 


Sak 5             -          Valg.  


Av styret var fylgjande på valg: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Svein Algrøy, alle for 2 år samt vararepresentant Victoria Linnerud


Valkomiteen som bestod av Vigdis Sekkingstad og Tore Hovland presenterte fylgjande kandidatforslag:


Aud Svelund – attvalg som fast medlem

Benedicte Algrøy – attvalg som fast medlem

Svein Algrøy – attvalg som fast medlem

Victoria Linnerud – ny fast medlem

Vidar Danielsen - ny

Kristin Algrøy – ny

Dag Sekkingstad – ny

 

Valget vart avhalde som fleirtalsvalg der dei tre kandidatane som fekk flest stemmer vart innvalde som faste medlemer i styret og kandidaten med 4. mest stemmer vart vararepresentant

 

Det framkom ingen andre forslag og det vart deretter føreteke skriftleg avstemming som gav slikt resultat.


Aud Svelund – attvald som fast medlem i 2 år

Benedicte Algrøy – attvald som fast medlem i 2 år

Victoria Linnerud – ny fast medlem i 2 år

Vidar Danielsen – ny varamedlem i 1 år

 

Til leiar vart Hans Inge Algrøy attvald

Til revisor vart Kristin Algrøy attvald

Til valgkomite vart Tore Hovland og Vigdis  Sekkingstad attvalde

Etter dette valget er styret i Algrøy Bygdalag av:

Hans Inge Algrøy – leiar

Leif Algrøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik, Aud Svelund, Benedicte Algrøy , Victoria Linnerud.  

Vidar Danielsen er vararepresentant.

   

Sak 6-          Medlemskontingent vert halde uendra på kr 175 kr pr år for familiemedlemskap og kr 100   for enkeltpersonar.


Sak 7-            Innkomne saker – Skulesituasjonen på Algrøy

 

Styret i Bygdalaget reiste spørsmålet om bruk av skulebygningen på Algrøy etter sannsynleg nedleggjing av skulen                       

Det synes vera aksept for at skulen på Algrøy vert nedlagt som undervisningsstad for skuleborrna på Algrøy, men det må ikkje bety at huset vert ståande tomt.

Janniche Helen Wilhelmsen mfl presenterte tankar om framtidig bruk av skulebygningen med påfylgjande spørsmål og diskusjon. Arbeidsgruppa arbeider vidare med initiativet sitt.

 

Møtet slutt kl 21.00

 

-----------------------                        -

Hans Inge Algrøy                       

referent



Referat frå årsmøte i Algrøy Bygdalag 26. januar 2012

Den 26. januar 2012 vart det halde årsmøte i Algrøy Bygdalag med 25 frammøtte


Sakliste:

Sak 1

 Innkalling og sakliste vart godkjent utan merknader


Sak 2

Til ordstyrar vart vald Hans Inge Algrøy


Sak 3 

Årsmelding var utdelt og gjennomgått. Årsmøtet tok årsmeldinga til orientering


Sak 4           

Rekneskap vart utdelt og gjennomgått av kasserar Aud Svelund. Det var  ingen merknader til rekneskapen og årsmøtet godkjende rekneskapen som var  revidert av laget sin valde revisor. Kristin Algrøy framla rekneskapen for  Bygdahallen. Det var ingen merknader til denne rekneskapen.

 

Sak 5

Valg 

Av styret var fylgjande på val: Vigdis Sekkingstad, Nils Kåre Algrøy, Leif  Algerøy, Hans Inge Algrøy, Vigdis Sekkingstad og Nils Kåre Algrøy stilte  ikkje til attval og måtte erstattast. I tillegg var det behov for å velja  varamedlem til styret.

Valkomiteen som bestod av Reidun Erland og Tore Hovland presenterte fylgjande kandidatforslag:

Leif Algerøy – attvalg som fast medlem

Hans Inge Algrøy – attvalg som fast medlem

Elise Horvik – ny fast medlem

Bjarte Algrøy – ny fast medlem

Svein Algrøy – ny varamedlem

 

Det framkom ingen andre forslag og valgkomiteen sitt forslag til nytt styre vart vedteke.

Til leiar vart Hans Inge Algrøy attvald

Til revisor vart Kristin Algrøy attvald

Til valgkomite vart Tore Hovland attvald og Vigdis Sekkingstad erstatta Reidun Erland som medlem i valgkomiteen.

Alle valg var samrøystes.

 

Sak 6

Medlemskontingent vert halde uendra på kr 175 kr pr år for familiemedlemskap og kr 100  for enkeltpersonar.

 

Sak 7

Innkomne saker – Skulesituasjonen på Algrøy  Styret i Bygdalaget reiste spørsmålet om bygdefolket sitt syn i samband  med utgreiinga om skulestruktur som er igang i Fjell Kommune.                       

Frå debatten:

- Ei arbeidsgruppe i kommunen er i gang med å diskutera skulestuktur i vest, i forkant av og uavhengig av skulestrukturdebatten i heile kommunen, det er viktig å etablera kontakt med denne arbeidsgruppa

- Foreldrerådet og foreldre som har barn under skulealder må diskutera saka og melda tilbake til bygdalaget kva dei meinar om saka hvis det er ynskjeleg med støtte frå bygdalaget

- Bygdalaget har eigen avtale med kommunen for det som gjeld Allaktivitetsdelen av skulebygningane. Styret skal ta kontakt med kommunen for å gjera spesielt oppmerksom på denne avtalen i samband med eventuelle planar for skulebygningane.

 

 

 

 

Nyeste kommentarer

30.01 | 16:51

Pappen ser deg!

08.06 | 11:07

Hei.
Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass.
Har hytte på Algrøy(siden 2002).
Har leiet i marinaen tidligere, har nå båten liggende på Syltøy.
Ganske tungvint

04.01 | 18:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

15.07 | 13:19

Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????