1.
Namnet på laget skal
vera Algrøy Bygdalag
2.
Laget skal vera
politisk uavhengig og arbeida for sosialt samkvem og saker av felles interesse
for oppsitjarane.
3.
Alle som er busette på
Algrøy kan vera medlemmar. Medlemer som er over 16 år betalar medlemskontingent
og har røysterett. Medlemskontingent vert fastsett av årsmøtet.
4.
Valet skal avviklast
slik:
a)
Årsmøtet vel 7 styremedlemer og inntil 4 varamedlemer. Årsmøtet
vel formannen, ellers konstituerar styret seg sjølv.
b) Styremedlemane vert velde for 2 år om gongen. Første
gongen vert 2 styremedlemer valde for 1 år, dei andre for 2 år. Varamedlemene
vert valde for eitt år om gongen.
c)
Årsmøtet vel ein revisor for 1 år om gongen.
d)
Årsmøtet vel valnemnd på 2 personar for 1 år om
gongen.
5.
Medlemsmøte vert halde
etter behov, men minst ein gong i året medrekna årsmøtet. Dersom minst 7
medlemar krev det, skal det innkallast til medlemsmøte i laget.
6.
Saker som krev
avstemming kan avgjerast av medlemsmøte med simpelt fleirtal.
7.
Endring av vedtektene
kan avgjerast av årsmøtet med simpelt fleirtal.
8.
Innkalling til årsmøtet
skal vera skriftleg. Årsmøtet skal haldast innan 15. februar.
9.
Årsmøtet skal
innehalda:
a)
Godkjenning av innkalling og saksliste.
b) Årsmelding.
c)
Rekneskap.
d)
Val.
e)
Fastsetjing av medlemskontingent.
f)
Ymse.
Saker som skal handsamast på
årsmøtet må vera
innkomne til styret innan ei veke før årsmøtet.
10. Styret si økonomiske fullmakt er
avgrensa til kr 20.000 i enkeltsaker.
I saker som
overstig dette beløpet skal det kallast inn til medlemsmøte
eller saka skal ut på
høyring blant
medlemane.