Dette er Algrøy
Algrøy bedehus vart innvigd 6. oktober 1929.
Dette er no 82 år sidan og mangt har endra seg i samfunnet sidan den
gang, men samlingane på bedehuset held fram.
Tanken om å få eit
bedehus er nok eldre, og innsamling av midlar tok til i 1924. Dette året
kallar vi her på Algrøy for Kongvikåret. Dette på grunn av at det vart
kasta mykje sild i Kongvika, 30000hl. Under oppgjeret etter det store
sildeeventyret vart det m.a. gjeve kr 1000,- til bygging av bedehus.
Dette var mykje pengar i dei dagar.
Seinare vart det sendt ut
lister på Algrøy og Dyrøy der folk kunne teikna seg for ein sum. Det
vart teikna for kr 3.635,- på Algrøy og kr 575,- på Dyrøy. Ellers kom
det inn frivillige gåver frå kr 5,- og oppover til kr 50,-. Frå
møteprotokollen kan vi lesa at det m.a. vart gjeve kr 46,- frå ein
17.mai fest ved Brita Langøy, og frå Langøen Notlag vart det gjeve kr
275,-. Tilsaman kom det inn kr 6.026,12. I tillegg vart det teke opp to
private lån a`kr 1000,-.
Arbeidet med huset tok til våren 1929.
Det var fire bygningsmenn og formannen heitte Stevnebø. Desse budde
privat. To i Myra og to i Brekko. Det vert fortald at då Algrøyfolket
samlast for å ta dei første spadetaka, sang dei: "I Jesu navn skal all
vår gjerning skje." Materialane til bedehuset vart boren frå sjøen og
fram til tomta, og alle viste stor interesse og var med. Dei hadde tanke
for bedehuset.
Inntektene var ikkje så store, men det er ein
fast inntektspost som går igjen. Den første laksen som "Hauaren" og
"Gararen" sitt lakselag fekk, skulle gå til bedehuset. Dette utgjorde i
1931 kr 33,- og kr 19,21. Ellers kan ein nemna at halvparten av
juletrefesten same året er intektsført med kr 10.00.
At det var
tronge tider kan vi lesa i referatet frå styremøtet 30. august 1931.
Sitat: "Ljosskatten tykte ein var mesta stor og særleg siste avlesing på
målaren var reint for galt." Ser vi på tala i rekneskapsboka var dei
for første halvår 1930 kr 25,-
til ljosskatt.
Problemer har
det og vore. I same referatet kan vi lesa at det var problem med
songlaget. Sitat: "Mange kom med klage på songarane at dei bar seg
usømeleg åt under øvingane på bedehuset. Dette måtte det verte slutt på,
ellers fekk dei ikkje huset."
Den første vekkelsen på bedehuset
var i november 1932, og det var folk i sin beste alder, både kvinner og
menn som vart kristne. Det var Johannes Kjøpsnes som var talar, og han
hadde møter i mange veker. Blant minnene frå den gongen er det i ein
heim på Algrøy ein bibel der det står skrevet: "NN og kona ble herleg
frelst frå sine synder 13. november 1932." Seinare har det vore vekkelse
ved Nelly Nilsen og andre vekkelser.
I 1937 vart Algrøy
Indremisjonsforening stifta og styret vart vald etter DVI sine lover.
Frå festskrivet til 50 årsjubileet kan vi lesa at det var delte
meiningar om huset skulle kallast bedehus og vera under DVI, eller om
det skulle vera eit frittståande forsamlingshus.
Den 12. mai 1956
var det medlemsmøte om utviding og plating av bedehuset. Det vart
vedteke og utvida mot nord. Seinare vart det og utvida mot sør. Arbeidet
vart gjort av folket sjølve. Vi fekk eit meir tenleg hus etter
påbygginga, og i seinare år har vi prøvd å gjera huset meir praktisk.
Bedehuset
har vore ein sentral samlingsstad for folket på Algrøy i desse åra som
har gått. Skulehuset var inntil 1952 i "Nyo", og var lite tenleg for
bruk utanom skuletid. Det var heller ikkje innlagt straum i skulehuset.
Bedehuset
har vore brukt til ymse kurs av lengre eller kortare tid. Vi kan nemna
kokekurs, sykurs og førstehjelpkurs. I mange år hadde heimeverande mødre
med små born formiddagstreff på bedehuset. Bedehuset har såleis fungert
til beste for folket både på det praktiske- og åndelege plan.
Bedehuset har vore brukt av ulike lag og organisasjonar, og i perioden 1989 - 1999 vart det innsamla kr 936.000,- til desse.
Det
har vore dreve eit aktivt barne og ungdomsarbeid på bedehuset. Her kan
nevnast søndagskule, yngres, barnekor og Krik, og dei siste åra
SKB(søndagskule, Krik og barnekor samanslegen)
Bedehuset sitt
navn er EMMAUS og tyder varmekjelde. Det er vårt ynskje at "huset"
framleis kan vere ei varmekjelde for bygda vår.
Utdrag frå opplesing under Kulturkveld Algrøy bedehus 3.sept 2005 av Olav Algrøy
Kjelder: Bedehusprotokoller
Festskrift til 50, 60 og 70 års jubileet
Nyeste kommentarer
30.01 | 16:51
Pappen ser deg!
08.06 | 11:07
Hei. Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass. Har hytte på Algrøy(siden 2002...
04.01 | 18:29
Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) u...
15.07 | 13:19
Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????