Dette er Algrøy
Årsmelding Algrøy Bygdalag 2015
Styret har vore slik samansett i 2015:
Hans Inge Algrøy – leiar, Bjarte Algrøy - nestleiar, Aud Svelund – kasserar
Leif Algerøy, Vidar Danielsen, Leif Arne Næss, Ingvill Sørensen, Siri Jørgensen (vara), Kristin Algrøy (vara).
Både faste og varamedlemer vert innkalte til alle møter, og dette er ei god ordning som gjev fleire innspel og at arbeidsoppgåvene vert fordelt på fleire.
****
Laget sine aktivitetar i 2015 var i hovudsak fylgjande:
1 Årsmøte 2015
Årsmøte i Bygdalaget vart halde den 3.februar med 16 personar til stades
2 Bygdafest
Bygdafesten 2015 vart halden lørdag 14. februar, med stor oppslutning og god stemning, ca 60 personar deltok.
3 Natursti
12.april arrangerte Bygdalaget natursti. Det var sett opp 5 postar med spørsmål på, og vinnarar vart premierte ved ankomst til målpunktet Elvane, der grillen var fyrt opp og deltakarane kunne grilla mat.
4 Fiskekonkurranse
Bygdalaget arrangerte fiskekokurranse søndag 26.april med godt oppmøte. Etter fiskinga var det samling på skuleplassen med premieutdeling og grilling.
5 17. mai
17. mai festen på skulen samla mykje folk i 2015 også. Det har no vist seg at det er behov for arrangement på Algrøy sjølv om det ikkje er barneskule her lenger.
6 Havgangen
Turmarsjen Havgangen vart gjennomført 7. juni. På grunn av dårleg ver vart oppslutningen dårlig, og uteaktivitet på skuleplassen redusert til eit minimum
7 Jonsokafta
Den tradisjonelle Jonsokaftefeiringa ved Vågsvatnet vart denne gongen gjennomført i godt ver og med ca 85 personar tilstades. Det er behov for fleire folk til å laga bålet.
8 Dugnad – rydding og grusing av lekeplass ved skulen
Ein laurdag i september vart det halde dugnad for å oppgradera leikeområdet ved skulen. Det vart gjort ein god jobb, men med altfor dårleg oppmøte. Takk til dei som var med.
9 Søndagskafe
Søndagskafe vart halde i bygdahallen den 18. oktober.
Ca 80 møtte fram og arrangementet gav eit overskot på kr 12.700 som vart sendt til Røde Kors
sitt flyktningearbeid
10 Julegrantenning – juleverkstad
I samband med julegrantenninga vart det og arrangert juleverkstad i allaktivitetshuset første søndag i advent, den 29,november. Det var som vanleg god opplutning om begge arrangementa.
11 Algrøykalendar
Bygdalaget har for fjerde gang laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet. Det er selt 100 kalendarar som har gjeve eit godt bidrag til drifta av bygdalaget . Vi oppmodar folk til å ta bilder på alle årstider og senda til Bygdalaget som kandidatforslag til neste års kalender.
12 Heimeside, www.bygdalaget.no
Bygdalaget si heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her vart godt vedlikehalden i 2015 og er godt besøkt. I løpet av dei snart 4 åra sida har eksistert har det vore 146.000 treff på sida. Sida er såleis blitt ei mykje brukt informasjonskjelde i bygda. Bygdalaget oppmodar folk til å bidra med stoff til heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.
Vi har og ei facebookside tilknytta bygdalaget (www.facebook.com/algroyna )
13 Fotokonkurranse
På heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. I 2015 hadde vi fotokonkurranse med temaet uteaktivitet. Det var heller liten oppslutnad om denne konkurransen.
14 Aktivitetar i hallen
Bygdalaget administrerer utleige av skulehallen og det har vore stor aktivitet i hallen i 2015. Faste aktivitetar er søndagsfotball, landhockey, trimaktivitet og korøving. Ellers har det vore mange barneselskap, familieselskap og andre festlege samkomer som i hovedsak har foregått i helgene. Prisen for å leiga hallen er lav og lik for alle enten dei er medlemmar i Bygdalaget eller ikkje. Styret har vurdert å differensiere utleigepris for medlemar og ikkje medlemar.
15. Medlemskap i Bygdalaget
Medlemskontingenten i Bygdalaget er med å finansiera aktiviteten i laget. Kontingenten ligg
på eit lavt nivå og vil fortsetja med det. Det er viktig at flest mogeleg er medlemmar for å
synleggjera at laget representerer mange for eksempel i samband med ulike søknader
Bygdalaget sender.
16 Grasrotandel
Bygdalaget er registrert som frivillig organisasjon i Brønnøysundregistrene og det er dermed mogeleg å øremerka grasrotandel for tipping til bygdalaget. For 2015 gav dette inntekt på kr 4.900 til bygdalaget Vi oppmodar framleis dei som spelar LOTTO mv om å ha Bygdalaget som sin mottakar av grasrotandelen..
17 Tilskot til Bygdalaget
Bygdalaget har i året motteke kr 8.500 i tilskot frå Fjell Kommune, og fått tilsagn på kr 40.000
frå Gjensidigestiftelsen til leikeplassen på skulen. Vi takkar hjarteleg for bidraga.
Styret i bygdalaget takkar alle i bygda for godt samarbeid i 2015 og håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar.
Vi tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med.
Algrøy, 3. februar 2015
Styret i Algrøy Bygdalag
Nyeste kommentarer
30.01 | 16:51
Pappen ser deg!
08.06 | 11:07
Hei. Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass. Har hytte på Algrøy(siden 2002...
04.01 | 18:29
Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) u...
15.07 | 13:19
Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????