Dette er Algrøy
Referat frå styremøter i Algrøy Bygdalag:
Referat frå styremøtene frå 2016-> finn du her.
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 13.01.2015
Til stades: Leif Algerøy, Leif Arne Næss, Aud Svelund, Ingvild Sørensen, Benedicte Algrøy,Vidar Danielsen
Forfall: Bjarte Algrøy, Raymond Hjelland , Hans Inge Algrøy
Sak 1 Årsmøte 3 februar kl 18
Bjarte sender ut innkalling til årsmøte (se utkast fra Hans Inge) så fort som mulig.
Skriver invitasjon til Bygdafesten (se www.bygdalaget for påmelding) på samme som årsmøte innkallingen.
Vi ble enige om å ta nytt styremøte etter endt årsmøte.
Aud tar med twist & kaffe.
De som har kalendere igjen tar de med. Kanskje noen vil kjøpe 😊
Sak 2
Algrøykalender
2015
Diskuterte at bilder til
neste års kalender bør velges ut i god tid slik at vi hadde ferdig
trykte kalendere tidligere enn vi hadde nå.
Alle får utdelt kalendere for salg på
siste styremøte før jul
.
Sak 3 Bygdafest 14 februar
Tema : Hippi
🎶
Musikk : André & Henning
Leder : Hans Inge?
Inngangspenger kr 300kr
Aud:
- bestiller mat fra
Safari Catering , lasagne med tilbehør
- hører med jentene
fra i fjor ang hjelp på kjøkkenet
- handler inn servietter, duker, tallerkener, glass, blomster,
brus
Alle baker en kake hver
( Hippi -inspirert?? )
Benedicte:
- sanger/hefte
- velkomstdrikk
- legger ut invitasjon på bygdalagssiden
Ingvild:
- legger ut info på FB
Vidar:
- bilder fra 2014
Leif:
- spør Nils Kåre Algrøy om
quiz spørsmål.
Aud, Leif og Vidar samarbeider
om en sketsj til neste møte.
Vi ble enige om at alle skulle
være med på sketsjen om nødvendig.
Premiering av beste kostyme og
beste kalenderbilde. Vinner av bildet er bestemt
😜
Premie : kinogavekort til Sartor Kino
Sak 3
Eventuelt
Neste styremøte 3.
februar 2015
13.01.15
Ingvild Sørensen
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 22.01.2014
Til stades:
Leif Algerøy, Aud Svelund, Hans Inge Algrøy, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy, Vidar Danielsen.
Forfall: Elise Hordvik, Victoria Linnerud
Sak 01/14 Referat fra møte 19.11.2013
Referatet som er utsendt tidlegare vart godkjent
Sak 02/ 14 Årsmøte 28. januar 2014
Møtedato er kunngjort på Bygdalaget si heimeside, i tillegg vil det verta lagt informasjon i alle postkassar
Årsmelding og regnskap er under utarbeiding og vert framlagt i møtet
Valgkomite er i arbeid
Enkel servering på årsmøtet
Sak 03/14 Bygdelagsfest 2014
Styret diskuterte informasjon, program, mat, aktiviteter mv og fordelte oppgaver.
Nytt møte den 11. februar med oppsummering og klargjering.
Sak 04/14 Vegnavn på Algrøy
Bygdalaget har fått invitasjon frå Fjell Kommune til å koma med navneforslag til veg i nytt byggefelt ved Storhaugen. Tradisjonen er at nye vegnavn tek utgangspunkt i eksisterande navn i området. I dette tilfelle er navnet Storhaugen alt brukt ein annan stad i kommunen og kan ikkje brukast. Styret drøfta saka og vil undersøkja i gamle papir mv om det fins andre navn i området som kan foreslåast som nytt vegnavn og tek gjerne i mot innspel frå bygdefolk. Svarfrist er 20. februar 2014
Sak 05/14 Aktivitetsplan 2014
Styret sette opp følgjande utkast til aktivitetsplan 2014
- 23 mars - natursti
-
4 -
mai fiskekonkurranse
- 17. mai arrangement etter ny mal når skulen er nedlagt
- 9 juni – Havgangen
- 23 juni – Jonsokaftefeiring
Sak 06/14 Orientering
- Det bør setjast opp skilt med stadnavnet Algrøy ved Porsvik
- Ny dugnad på grusing av turveg til Vågsvatnet til våren
- Dugnad steingard ved Tøkje som vi har fått midlar til
- Undersøkje omkring prosjektor og webkamera
-
Opplæring
i bruk/ redigering av heimeside
Styret arbeider vidare med sakene.
Neste møte på skulen tirsdag 11.februar kl 19.30
Hans Inge Algrøy
ref
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 03.09.2013
Til stades: Leif Algerøy, Aud Svelund, Hans Inge Algrøy, Elise Hordvik, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy
Forfall: Victoria Linnerud, Vidar Danielsen,
Sak 22/2013 Referat frå møte 03.09.2013
Referat kommentert og godkjent
Saker som er fulgt opp/ til oppfølgning:
Sak 23/2013 Søndagskafe 20.10.2013 kl 15
Arbeidsoppgåver til fordeling - Ansvarlig
Sak 24/2013 Algrøykalender 2014
Arbeidsgruppe som består av Benedicte, Elise og Bjarte velger ut bilder og ordner med trykking hos Britts kopisenter. Leif er konsulent i saka.
Sak 25/2013 Dato for årsmøte og Bygdafest 2014
Dato for årsmøtet vert sett til tirsdag 28. januar 2014
Datoane vert å kunngjere på bygdalaget si heimeside
Sak 26/2013 Eventuelt
Medlemskontingent 2013 vert innkalla med det første.
Scenemotor er ennå ikkje ordna. Det må purrast på saka.
Forbereder detaljene for søndagskafe i kort møte torsdag 17. oktober kl 18.30
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 03.09.2013
Til stades: Victoria Linnerud, Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy
Forfall: Aud Svelund
Sak 18/2013 Aktivitetar hausten 2013
Fylgjande aktivitetar vert planlagt gjennomført i regi av Bygdalaget:
Sak 19/2013 – Turløypene – parkering og merking
Folk som kjem med bil for å gå i turløypene må parkera ved skulen/på skuleplassen, ikkje langs veg og på privat område. Det skal setjast opp informasjon på tavle ved skulen og evt andre stader om dette, samt lagast lappar til å leggja på bilane.
Det vert sett opp markeringar av veg til utmarksgrense der løypene begynnar fleire stader på bilvegen
Sak 20/2013 – Orienteringssaker
Sak 21/2013 - Eventuelt
Neste styremøte vert tirsdag 8. oktober
Hans Inge Algrøy
ref
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 30.04.2013
Til stades: Victoria Linnerud, Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen, Aud Svelund,
Forfall: Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy
Sak 12/ 2013 Referat frå forrige møte
Referat var utsendt på forhånd og vart godkjent i møtet.
Sak 13/2013 17.mai komite
Elise og Vidar informerte. Komiteen har hatt møter og arbeidet er godt i gang.
Det er viktig å informere om at vi tek sikte på å ha 17. mai arrangement på Algrøy også i 2014 sjølv om skulen vert nedlagt.
Sak 14/2013 Natursti
Bygdalaget arrangerer natursti torsdag 9.mai med start på skuleplassen mellom kl 11 og kl 12 og mål ved rasteplassen ved Elvane der det vert mulighet for grilling på bål hvis været tillet det.
Dei som har laga spørsmål til konkurransen sender det over til Benedicte for koordinering og ho videresender til Aud som laminerer arka.
Hans Inge lagar informasjonsark til utdeling, Aud og Vidar tek seg av utlegging i postkassar.
Aud ordnar med nødvendige innkjøp.
Heile styret møte på skuleplassen torsdag 9. mai kl 10.30 for førebuing av praktiske ting i fbm arrangementet.
Sak 15/2013 Dugnad – grusing av turveg
Gravemaskinarbeidet på turvegen er no ferdig og vegen er klar til grusing.
Det vert innkalla til dugnad lørdag 11. mai for å grusa vegen.
Innkallinga vert gjort på same informasjonsark som invitasjon til natursti.
Leif sørger for at grus er på plass innan dugnadsdagen. Vidar stiller med ATV, Hans Inge med traktor.
Sak 16/2013 – Førebuing til Havgangen
Havgangen vert arrangert søndag den 9. juni.
Arbeid med diplom og evalueringsskjema vert igangsett. Ansvar Bjarte og Hans Inge
Vidare førebuing vert gjort i neste styremøte.
Benedicte / Victoria legg ut informasjon om dato for Havgangen og litt reklame for arrangementet på heimeside/ facebook
Sak 17/ 2013 Eventuelt
Det er komen tilbakemelding om at turkartet som bygdalaget sel er for dyrt, og styret vedtok å setja ned prisen til kr 50 pr kart for fargekart som er laminerte.
Neste møte tirsdag 4. juni kl 20.00
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 09.04.2013
Til stades: Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Bjarte Algrøy, Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen, Aud Svelund
Forfall: Victoria Linnerud,
Sak 6/2013 Referat frå forrige møte
Referat var utsendt på forhånd og vart godkjent i møtet.
Sak 7/2013 17.mai komite
Elise og Vidar innkaller til første møte i 17.maikomiteen.
Det framgår av referat frå tidligare år kven som skal kallast inn.
Heile komiteen har deretter arrangementetansvaret, bygdalaget har økonomiansvaret.
Sak 8/2013 Natursti
Bygdalaget arrangerer natursti torsdag 9.mai med start på skuleplassen mellom kl 11 og kl 12 og mål ved rasteplassen ved Elvane der det vert mulighet for grilling på bål mv hvis været tillet det.
Det vert sett opp 5 postar med spørsmål langs løypa. Benedicte finn forslag til spørsmål.
Detaljar i opplegget vert diskutert i neste styremøte den 7. mai kl 20.00
Sak 9/2013 Konkurransar – premiar
Fotokonkurransen Fangsten er ferdig og vinner er kåra.
Det vert lagt ut ny fotokonkurranse med tema Dører på Bygdalaget si heimeside, Benedicte ordnar dette.
Årets bilde skal kårast for premiering, og Benedicte, Elise og Aud er jury
Premiar for dess konkurransane skal delast ut 17. mai. Aud ordnar med premie.
Sak10/2013 Dugnad
Bygdalaget har fått tilskot til restaurering av steingarden på Tøkje som eit kulturminne, og det vert lagt opp til dugnad for å gjera dette arbeidet lørdag den 11. mai kl 10 – 14.
Frammøte ved utmarksgrensa, Storagrinda/ Storvegen nr 30.
Det vert og dugnad på grusing av vegen mot Vågsvatnet og innkalling til denne dugnaden kjem seinare når tidspunkt er fastlagt.
Sak 11/2013 Eventuelt
Benedicte orienterte om innkomne saker til heimesida
Hans Inge orienterte kort om søknader om tilskot
Neste møte tirsdag 7. mai kl 20.00
Referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 27.02.2013
Til stades: Leif Algerøy, Hans Inge Algrøy, Bjarte Algrøy
Victoria Linnerud, Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Vidar Danielsen
Forfall: Aud Svelund
Sak 3/2013 Referat frå forrige møte
Referat var utsendt på forhånd og vart godkjent i møtet.
Sak 4/2013 Konstituering av styret.
Leiaren, Hans Inge Algrøy, vart gjenvalgt av årsmøtet. Nestleiar Benedikte Algrøy og kasserar Aud Svelund vart begge gjenvalgt til same verv. Bjarte Algrøy er Bygdalaget sin representant i styret for Algrøy Båtlag og dei øvrige styremedlemane inkl fast møtande varamann er med i fritidsgruppa.
Sak 5/2013 Saker i arbeid
Styret arbeider vidare med hjertestartarkurs, fiberkabel, etterbruk av skulen.
Det er igangsett fotokonkurranse med emne "Fangsten". Konkurransen pågår ut mars månad.
Det vert lagt opp til Natursti ein søndag i april.
Den nye rasteplassen ved Elvane er snart ferdig opparbeidd.
17. maikomiteen må setjast i gang, Benedicte undersøkjer til neste møte kven som har papir frå i fjor og kven som var med i komiteen då.
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 15.01.2013
Sak 1 Bygdefesten 9. Februar 2013
Fylgjande vart diskutert og vedteke.
Påmeldingsfrist 2. februar, kan ta med gjestar
Annonsering på nettside: Benedicte og Victoria
Sanger: Benedicte og Andre
Mat, Bacalao: Aud har sjekka pris og skaffar jenter til kjøkkenteneste og kjøper inn dukar, servietter mv
Styret skaffar ei kake kvar, Bjarte kjøper musserende vin til velkomstdrink?
Alle prøver å skaffa eit underhaldningsinnslag – quis, leker, historiar, prolog, morsomme sangar
Styret møtes på skulen fredag 8. februar kl 18.30 for oppsetjing av bord, pynting mv
Sak 2 Årsmøte
Årsmøte vert halde onsdag den 20. februar kl 19.00 i Biblioteket på skulen.
Det vert sendt ut felles kunngjering i postkassane for bygdafest og årsmøtet.
Hans Inge tar kontakt med valgkomiteen som førebur valg.
Takk til Benedicte som stilte hus og kaffi til disposisjon for styret.
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 27.09 2012
Til stades:,
Leif Algerøy, Svein Algrøy, Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Aud Svelund, Victoria Linnerud, Hans Inge Algrøy
Forfall: Bjarte Algrøy
Sak 1
Referat fra styremøte i Algrøy Bygdalag 23.08.2012
Referatet gjennomgått og godkjent
Oppfølgning av saker i referatet:
- Kafesøndag vert halde på skulen 21.oktober kl 15. Styret stiller kl 13 og lagar mat. Styremedlemar skaffar gevinstar til loddsalg og kaker til kaffe.
- Hjertestarterkurs vert igangsett i oktober. Langøy Velforening vert invitert med. Bygdalaget søkjer midlar til hjertestarter og kursvirksomhet
- Bygdalaget vil kunne få midlar til Kulturminneprosjektet Tøkje – oppbygging av gamal steingard og oppsetjing av informasjonsskilt når det vert gjennomført
- Frist for innsending av kalenderbilde vert sett til 7. oktober. Leif og Benedikte vel ut bilder til kalender, set i gang produksjon og tek kontakt med aktuelle kjøparar av større parti.
- Barnas Turlag står for den praktiske administrasjon av arbeidet rundt postkassane i turløypa, Bygdalaget står som eigar av kassane og premierar vinnarar under arrangementet Havgangen.
-
Det vert informert om tilbud av T-skjorter med Algrøymotiv på Bygdalaget si heimeside
-
Grasrotandel til Bygdalaget
frå Norsk Tipping er i virksomhet
Sak 2
Trafikksikringsplan - høringsuttale
Bygdalaget skriv brev til Fjell kommune og påpeikar fylgjande_
- Behov for fartshumpar og 30 km skilt og barn- leker skilt i Kongvikvegen
- Behov for 50 km grense på heile Algrøy
- Behov for oppmerking av parkeringsplass ved skulen
- Brev til Strilalam om medverknad til lavare fart for trafikk til deira anlegg.
Sak 3
Leige av badebasseng Ågotnes
Søknadsfrist 1. mai. Krav om 2 badevakter med livredningskurs i hallen
Konklusjon: Det vert ikkje arbeidd vidare med saka no.
Sak 4
Dårleg mobildekning på Algrøy
Saka har vore teken opp med Telenor som svarar at dei ikkje har planar om forsterkning av nettet no.
Bygdalaget oppfordrar folk som har dårleg dekning til å melda dette til Telenor.
Skriv til Telenor Kundeservice, Klagebehandling, Kongensgt 20, 3717 Skien. Saksbehandler Øyvind Holt.
Sak 5
Eventuelt
- Det vert arrangert juleverksted i bygdehallen søndag 2. desember kl 15 som vert avslutta med julegrantenning på skuleplassen kl 18.00
- Bygdalaget engasjerer seg ikkje i mulig drift av kajakklubb
-
- Det vert utarbeidd informasjonsark om aktuelle aktivitetar og vedtak frå Bygdalagsstyret som vert lagt ut i postkassane samtidig med giro for medlemskontingent.
- Dato for Bygdalagsfest vert sett til lørdag den 9. februar 2013
-
Møtedatoar i
2012: Onsdag 17 oktober og onsdag 21. november, begge dagar kl 19.00 på skulen.
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 23.08 2012
Til stades:, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Forfall: Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Thor Petter Braathen, Aud Svelund
Sak 1 Referat frå møte 13.06.2012
Referat gjennomgått og godkjent
Sak 2
Planlagte aktivitetar i haust
Kafesøndag i oktober, nye hjertestarterkurs frå oktober, julegrantenning 1. søndag i advent.
Det er behov for å skaffa ny fot til juletre (ansvar Bjarte) og skap til hjertestarar (ansvar Hans Inge)
Nærare informasjon vert sendt ut på førehand
Sak 3
Informasjonstavle
Informasjonstavle som skal setjast opp ved skulen og ved Storemyra er snart ferdig utarbeidd.
Det vert innhenta pris for produksjon av tavlene
Sak 4
Turstiar – arbeid i sommar og vidare planar
I turstiane er det i sommar utført fylgjande arbeid:
- Alle bruene er beisa
- Delar av løypene er rydda for lyng og brake
- Ny trace mellom blå og raud løype opparbeidd og merka frå Arevikja til Lundevatnet
- Våte myrparti er utgrøfta
Honnør til Leifen for kjempeinnsats igjen
Vidare planar:
Det er behov for meir utgrøfting og/eller bruleggjing av våte parti
Det vil verta sett opp 5 "postkassar" med oppgåver og konkurranse i raud løype
Opparbeiding av kulturminnet Tøkje i raud løype. Planar om ein sosial dugnadslørdag.
Sak 5
Oppdatering av bygdelaget si heimeside
- Behov for oppdatering av informasjon
- Leggje inn oppfordring til innsending av bilder
- Tilbud om kjøp av T-skjorter med Algrøymotiv
Sak 6
Informasjon om Grasrotandel tipping
Tiltaket er sett i verk og er operativt. Må informera meir om tiltaket, heimeside og evt andre kanalar.
Sak 7
Reguleringsplan Storhaugen
Bygdalaget er informert om planen og var representert på kommunal synfaring.
Saka vert fylgt opp vidare
Sak 8
Tildeling av kulturmidlar
Bygdalaget har etter søknad fått kr 2000 i driftstilskot for 2012 frå Fjell Kommune
Sak 9
Algrøykalendar 2013
Bygdalaget ynskjer å laga Algrøykalendar for 2013 og vil be om at interesserte sender inn bilete til bruk i kalendaren, helst innan 20.september.
Vi vil og laga klistremerker med Algrøymotiv til bruk på bil mv til salg samtidig med kalendarane.
Sak 10
Supplering av styret
Ein av styremedlemane har ikkje funne høve til å møta på nokon av møta, og det er behov for å utvida styret/ knyta ny person til styrearbeidet.
Victoria Linnerud vert tilspurd om å vera med på styremøtene
Sak 11
Eventuelt
- Det er behov for oppmerking på parkeringsplass ved skulen for å få god utnytting av plassen. Bygdalaget skriv brev til Fjell Kommune
- Leige av symjebasseng på Ågotnes. Bygdalaget tek kontakt med kommunen om regleverk mht badevakter.
-
Flottører frå flytebrygge må fjernast
frå Algrøy Kai. Bygdalaget
kontaktar båtlag/ eigar for å rydda opp
- Mobildekninga er dårleg enkelte stadar på Algrøy. Bygdalaget tek kontakt med Telenor/ Netcom for å få løysing på problemet.
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 13.06.2012
Til stades: Aud Svelund, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Forfall: Benedicte Algrøy, Elise Hordvik, Thor Petter Braathen
Sak 1 Referat frå møte 21.05.2012
Referat gjennomgått og godkjent
Sak 2 Registrering av Bygdalaget i Brønnøysundregisteret
Algrøy Bygdalag er no registrert i Brønnøysundregisteret og har fått eige organisasjonsnummer.Det betyr mellom anna at laget kan vera mottakar av Grasrotandel gjennom Norsk Tipping og få inntekter på det.
Vedtak: Informasjon om dette vert lagt ut på bygdelaget si heimeside med oppmoding til dei som tippar til å registrera Algrøy Bygdalag som mottakar av grasrotandelen, og gje ei oppskrift på korleis ein skal gjera det.
Sak 3.
Jonsokaftefeiring
Bygdalaget arrangerer jonsokfeiring ved Vågsvatnet lørdag 23. juni kl 18.
Det vert laga informasjon om dette som skal leggjast i alle postkassar med innkalling til bålbygging fredag 22.6
Dei som har noko til bålet må denne gongen sjølv sørgja for å få det fram til Vågsvatnet
Sak 4
Eventuelt
Bilder frå Havgangen og andre bilder frå
Algrøy kan sendast til Bygdalaget for bruk på heimeside og kalendar
-
- Tilbud om kjøp av T- skjorter må leggjast ut på heimeside.
Hans Inge Algrøy
Referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 21.05.2012
Til stades: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik, Hans Inge Algrøy,
Forfall: Svein Algrøy, Thor Petter Braathen
Sak 1 Referat frå møte 25.04. 2012
- Hjertestarter er komen på plass på skulen, øvelsesstarter innkjøpt. Leif undersøker muligheter for forsikring. Kursdatoar er fastsett, og det vil koma informasjon i postkassane om dette.
Sak 2
Langøy Kystkultursenter 2012
Styret gjorde fylgjande vedtak:
Når det no er innført husleige for dei som utfører dugnadsarbeid for å halda kafeen på Langøy åpen om søndagane, vil deltaking i denne dugnaden utfrå fjorårets erfaring medføra økonomisk tap for bygdalaget. Algrøy Bygdalag kan difor ikkje delta i kafedrifta på Langøy i sommar, men vil heller bruka dugnadsviljen i laget til andre aktivitetar.
Bygdalaget har fått førespurnad om deltaking med stand på Langøymarknaden 2012.
Dette er ei salgsmesse, og då vi ikkje har noko å selja, er det ikkje interessant å delta denne gongen.
Bygdalaget lånte i fjor ut eit telt i samband med Langømarknaden. Vi ynskjer ikkje å låna/ leiga ut teltet i år.
Sak 2
Havgangen
Havgangen vert arrangert søndag den 10.juni, med start frå kl 10.00 til kl 12.00.
Styret i Bygdalaget stiller på skuleplassen kl 09.30, og førebuande arbeid vert fordelt slik:
- Bjarte: Utforming av informasjonsmateriell, ansvar for å leggja i postkassar mv
-
Leif:
Tilretteleggjing for salg av T- skjorter, caps, kart mv, oppsetjing av grillar.
- Aud: Innkjøp av brus og is, grillkull
- Hans Inge: Skaffar laks og lagar porsjonar for salg
Bjarte sender utkast til informasjonsmateriell til styret for kommentarer.
Salgsprisar: T- skjorter og caps kr 120, kart kr 100, brus kr 20, is kr 10, laksepakkar kr 40
Sak 3
Orienteringssaker
- Bygdalaget har vedtake registrering i Brønnøysundregisteret og innmeldingsskjema er innsendt. Det er ikke motteke stadfesting enno. Bjarte fylgjer opp denne saka
- Det er etablert kontakt med Vegvesenet om busskur i vegkryss mot Kongvikja.
-
Hans Inge fylgjer opp
- Søknader til Hordaland fylke om tilskot til turvegprosjektet er avslått. Hans Inge fylgjer opp og prøver også andre kanaler for finansiering
- Orientering om økonomisk resultat av 17. mai salget på skulen og andre innteker til laget.
Neste møte onsdag13. 06.2012 kl 19.30
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 25.04.2012
Til stades: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Forfall: Thor Petter Braathen
Sak 1
Hjertestartar
Hjertestartar er innkjøpt og mottatt. Frå skulen har vi fått løyve til å hengja han i uverskuret i gamlebygget, men ettersom dette er ein utsett plass, må det undersøkjast om det er mogeleg å forsikra startaren før han vert hengd opp.
Sak 2
Busskur
Bygdalaget har henvendt seg til Vegkontoret med førespurnad om oppsetjing av busskur i kryssen Nordre Øyavegen/ Kongvikvegen.
Sak 3
Fartshumpar i Kongvikvegen
Bygdalaget vil ta kontakt med Fjell Kommune med sikte på å få fartshumpar i Kongvikvegen
Sak 4
17 maikomite
Komiteen er i arbeid, bygdalaget kjøper inn nytt luftgevær
Sak 5
Eventuelt
Havgangen vert flytta til søndag 10. juni (Endra etter møtet)
Orientering om turvegmuligheter
Hans Inge Algrøy
Referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 08.03.2012
Til stades: Aud Svelund, Benedicte Algrøy, Leif Algerøy, Bjarte Algrøy, Elise Hordvik, Svein Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Forfall: Thor Petter Braathen
Sak 1 Konstituering
Leiar: Hans Inge Algrøy, vald av årsmøtet
Nestleiar: Benedicte Algrøy (ny)
Kasserar: Aud Svelund (attval)
Bygdalaget sin representant i styret for Algrøy Båtlag: Bjarte Algrøy (ny)
Leiar i fritidsgruppa: Leif Algrøy (attval)
Medlem i fritidsgruppa: Elise Hordvik (ny)
Sak 2 Hjertestartar
Forslag om kjøp av hjertestartar vart teke opp på årsmøtet i Algrøy Bygdalag der det fekk tilslutnad frå eit samla årsmøte. På denne bakgrunn har bygdalaget ved hjelp av fagfolk vurdert ulike alternative løysingar og konkluderte med å kjøpa hjertestartar, type Pad 500 som er bygdalaget sin eigedom og skal setjast opp på tilgjengeleg plass for heile bygda.
Total kostnad kr 22.800.
Sak 4 Innkomne forslag om busskur og fiberkabel
Vedtak:
Bygdalaget tek kontakt med kommune og vegvesen om kva som skal til for å få busskur i krysset hovedveg- Kongvikvegen.
Det vert sett i gang arbeid for å undersøkja status og muligheter for fiberkabel til Algrøy
Sak 5 Orientering om gamle og nye prosjekt – tilskotssøknader
Bygdalaget har søkt Hordaland Fylkeskommune, kultur og fritidsavdelinga om tilskot til arbeid og utgifter med rydding av sti, merking av løyper og bygging av bruer i turvegane på Algrøy. Søknadsfrist 1. mars, svar til sommaren.
Sak 7 Registrering av bygdalaget i Brønnøysundregisteret
Vedtak
Det vert sett i gang arbeid med å registrera Algrøy Bygdalag i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund. Ei registrering her vil gje tilgang til informasjons- og søknadsportalar for informasjon om tilskot som Fjell Kommune abonnerar på. Det vil og gje mulighet til å gå inn i ordninga som gjev Grasrotmidlar til lag og organisasjonar frå Norsk Tipping.
Sak 8 Reguleringsplan Eide – medlem i arbeidsgruppe
Fjell Kommune har invitert Algrøy Bygdalag til å vera representert i arbeidsguppe rundt ny reguleringsplan for industriområdet på Eide.
Vedtak
Tore Hovland, Svein Algrøy vil representera bygda i utvalet.
Sak 10 Eventuelt
Algrøy Skule og Bygdalaget har samarbeidd om prosjektet Rydd eit kulturminne og vårt prosjekt er blitt eit av landets 10 beste og vunne ein premie på kr 10.000.
Bygdalaget påtek seg å få laga ei tavle med informasjon om prosjektet og kopi av diplomet som skal setjast opp i torvhustomta der arbeidet er gjort.
Kostnaden vert finansiert med delar av premiebeløpet.
Hans Inge Algrøy
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 03.01.2012
Til stades: Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Vigdis Sekkingstad, Leif Algrøy, Benedicte Algrøy
Forfall: Thor Petter Braathen,
Sak 1. Referat fra møte 15.11.2011
Referat godkjent
Sak 2. Årsmøte 2012
Årsmøte vert halde på skulen den 26.januar 2012.
Aud og Hans Inge ordnar med innkalling, saksliste, årsmelding og rekneskap
I tillegg til vanlege årsmøtesaker og orienteringar om drifta,vil styret Bygdalaget invitera årsmøtet til ein diskusjon om framtida til skulen på Algrøy i lys av politiske signal om nedleggjing. Kva haldning har bygdefolket til dette, kva tiltak er ynskjelege og kva med allaktivitetshuset hvis skulen vert lagt ned.
Sak 3 Bygdafest 18. februar
Styret diskuterte opplegg og innhald i bygdafesten 18.februar, med framdriftsplan og fordeling av arbeidsoppgåver.
Invitasjon til bygdafest vert sendt ut i postkassane samtidig med innkalling til årsmøte.
Sak 4 Ymse
- Bygdalaget har lyst ut fotokonkurranse med framvising av bileta på heimesida. Det vil bli kåra vinnar som får premie på 17.mai
- Bygdalaget har fått førespurnad om å vera med på drifta av Langøykafeen sommaren 2012. Styret er positiv til det, og vil også spørja andre utanom styret om dei vil delta
- Spørsmål om felles Algrøystand på Langøydagane 2012 vart diskutert. Dette må drøftast med deltakarane på Langøydagane
- Det er behov for opprusting av turveien mot Idlefjedlet ved at det vert laga bruer/ overgangar på dei våtaste plassane. Arbeidet vert sett i gang i vinter og vi utarbeidar eit prosjekt som vi kan søkja tilskot til.
Neste styremøte i Bygdalaget vert 31.januar kl 19.00
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 15.11.2011
Til stades: Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Vigdis Sekkingstad, Leif Algrøy
Forfall: Thor Petter Braathen, Benedicte Algrøy,
Sak 1. Referat fra møte 11.10.2011
Referat godkjent
Sak 2. Julegrantenning søndag 27. november
Det vert arrangert julegrantenning på skulen søndag 27. november kl 17.00
Oppgaver:
Informasjon i postkassar – ansvar Hans Inge
Få på plass gran og setja på lys – ansvar Nils Kåre, Leif, Hans Inge
Innkjøp til arrangementet – ansvar Aud
Baka kaker – ansvar Vigdis og Aud
Sak 3 Informasjon frå fritidsgruppa
Orientering om planlagte vinteraktivitetar.
Det er behov for innkjøp av nytt luftgevær til skiskyting. Aud undersøkjer og ordnar med kjøp.
Sak 4 Informasjonstavle
Styret gjennomgjekk utkast til tekst og bilder på tavla.
Leif innarbeider nye forslag i utkastet for vidare diskusjon i neste møte.
Sak 4. Økonomirapport
Aud orienterte om økonomistatus. Det er god kontroll på økonomien
Sak 5. Årsmøte 2012
Årsmøtedato er fastlagt til torsdag 26. januar
Sak 6 Bygdalagsfest 2012
Aktuell dato er lørdag 18 februar, ikkje heilt fastlagt enno.
Sak 7 Aktuelle saker
- Orientering om status i sak om søknad om nytt postnummer
- Orientering om kontakt med Telenor om stadvis dårlig mobildekning på Algrøy
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 11.10.2011
Til stades: Benedicte Algrøy, Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy,
Vigdis Sekkingstad Leif Algrøy
Forfall: Thor Petter Braathen
Sak 1. Referat fra møte 14.09.2011
Referat godkjent
Sak 2. Liv og Lyst prosjektet – springflo
Benedicte orienterte om møte i Springfloprosjektet
Leif orienterte om møte om turløyper
Sak 3. Søndagskafe i skulehallen 23.oktober
Som tidlegare år arrangerer bygdalaget søndagskafe i skulehallen 23 oktober, med middag, kaffi og utlodning der overskotet går til TV aksjonen.
Oppgaveliste:
- Kafeen åpnar kl 15 med middagsservering, alle møter kl 13 på skulen
- Hans Inge skriv invitasjon og legg i postkassane, han er og ansvarleg for innkjøp av det som skal til for å laga lapskausen
- Benedicte ordnar med kaker og tek kontakt med aktuelle til å baka
- Vigdis og Aud kjøper inn tilbehør som kaffi, dukar, bordpynt og loddbøker , og har totaloversikt over gevinstar
- Alle prøver å få tak i gevinstar og koordinerar dette med Vigdis og Aud slik at totalt antal gevinstar vert passelig. Hvis vi ikkje får nok sponsorgevinstar kjøper viinn det som manglar.
Sak 4 Algrøykalendaren
Enighet om å laga 60 stk kalendarar til fritt salg, evt fleire hvis vi får bedriftsavtaler.
Bilder vart utplukka. Leif og Benedicte arbeider vidare med bilder og kontakt med trykkeri etc.
Sak 5 Eventuelt
Instruks for bruk av kjøkken må utarbeidast meir detaljert. Aud lagar utkast og legg fram til diskusjon i styret i neste møte.
Det er behov for nedvasking av kjøkkenet og styret må ta ein dugnad på det.
Nytt møte torsdag 20. oktober kl 19 for avklaring av siste detaljar mht Søndagskafe.
Hans Inge Algrøy
referent
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 14.09.2011
Til stades: Benedicte Algrøy, Aud Svelund, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy.
Forfall: Vigdis Sekkingstad Leif Algrøy, Thor Petter Braathen
Sak 1 Registrering i Brønnøysund
Friville organisasjonar kan registrera seg i Brønnøysundregisteret og dette kan mellom anna gje tilgang til stønadsmidlar, tippemidlar mv.
Vedtak. Algrøy Bygdalag vert registrert som frivillig lag i Brønnøysundregisteret
Sak 2. Utsending av informasjonsbrev og krav om medlemskontingent
Aud har laga brev med invitasjon til nye medlemar i Bygdalaget
Styret gav tilslutning til dette positive tiltaket. Krav om medlemskontingen vert sendt samtidig.
I tilknytning til saka vart det diskutert evt behov for å samla inn epostadresser til medlemane i Bygdalaget for å halda dei orintert om styret sitt arbeid og ting som skjer.
Det vart vedteke å sjå dette behovet i samanheng med ny nettside.
Sak 3. Liv og Lyst prosjektet – springflo
Fjell kommune dreg i gang eit nytt prosjekt for å koordinera eksisterande aktivitet i bygdene på vestsida og knytta dette saman i eit nettverk.
Benedicte og Hans Inge deltek på møte om dette 29.september.
Sak 4 Orienteringssaker
Orientering om melding frå Hans Lauvik om råkøyring på Øyavegen
Hans Inge Algrøy
ref
Referat frå styremøte i Algrøy Bygdalag 15.08.2011
Til stades: Vigdis Sekkingstad, Benedicte Algrøy, Aud Svelund, Leif Algrøy, Thor Petter Braathen, Nils Kåre Algrøy, Hans Inge Algrøy.
Sak 1. Kafedrift på Langøy 21. august.
Leif og Jane og Benedicte er ansvarleg for kafeen og kontaktar andre i styret hvis det er behov for det. Det vert ikkje Friluftgudsteneste den dagen, og dermed ikkje meir folk enn vanleg.
Sak 2. Langøymarknaden 27- 28. august
Bygdalaget stiller med liten stand på Langøymarknaden med salg av T-skjorter, caps, turkart mv.
Alle som har anledning er med og står på stand i løpet av dei 2 dagane.
For arrangementet neste år tek Bygdalaget initiativ til fellesmøte mellom alle frå Algrøy som har stand på Langøydagane for om mogeleg å få til ein felles Algrøystand neste år.
Sak 3. Aktivitetar i haust.
Bygdalaget arrangerer søndagsmiddag i samband med TV innsamlinga i oktober og tenning av julegran 1. søndag i advent. Nærare organisering vert avtala på møter i forkant av arrangementa.
Sak 4. Møteplan haust 2011
Det vert styremøter den 13. september, 11. oktober, 15.november.
Sak 5. Heimeside for Bygdalaget
Benedicte arbeider vidare med prosjektet. Dei som har aktuelle bilder til denne sida og/ eller andre bilder sender dei til Benedicte, benedicte500@gmail.com
Sak 6 Ymse
Per Vadset har meldt frå om at han ikkje kan delta i styret framover og Nils Kåre Algrøy går inn som fast medlem
Bygdalaget tek sikte på å laga Algrøykalender for 2012. Førestenaden er at det vert samla inn gode bilder til ein slik kalender innan ca 15 oktober. Alle vert oppmoda om å finna fram eller få tak i bilder.
Algrøy, 18.08.2011
Hans Inge Algrøy
Ref
Referat fra bygdalagsmøte torsdag 10. mars 2011
Tilstede: Hans Inge, Per, Leif, Vigdis, Thor-Petter, Aud, Benedikte
Konstituering:
SU rep: Per
Sekretær: Per
Kasserer: Aud
Båtlags rep: Benedicte
Nestleder: Vigdis
Skidag:
Mottatt søknad fra FAU om støtte til finansiering av buss på årets skidag. Bussen koster 6000,- men vi har fått vite at de også har fått støtte fra annet hold. Etter en del diskusjon ble vi enige om å gi 1000,- , men at vi da vil forvente gjenytelse i form av bossrydding langs vei og/eller hjelp til å avvikle 17. mai arrangement. Per skriver svar i brevsform og leverer til avsender, Rigmor Algrøy.
17. mai: Må sette opp 17.mai komite, men fant ikke papirer på hvem som har vært med tidligere. Fikk til slutt satt sammen en liste med navn ut fra husk. Per lager skriv og kaller inn til første møte.
Per/Ann-Kristin, Sverre/Elin, Per/Nina, Morten/Janne, Grete-Mona/Edvin, Jarle/Ann-Sissel,
Evelyn/Frode, Ingebjørg/Stein-Tore, Rigmor/Nils, Geir/Marianne, Eivind, Linn.
Forslag om å i større grad benytte folk utenfor komiteen til hjelp på selve dagen. Leif og Per Magne
Svelund kan hjelpe til.
Forslag om at skolen kan øve inn en sang eller to til prosesjonen.
Heller ikke i år er det noen som vet hvor 17.mai boken er.
Bygdafest:
Veldig få påmeldte. Besluttet å lage påminnelse. Per skriver, og Leif kan levere.
Eget festmøte torsdag 17. mars 19.00. Vigdis kaller inn avgåtte styremedlemmer som har lovet å
være med.
Hjemmeside:
Benedicte har funnet ut at www.bygdalaget.no er ledig. Dette kan vi bruke til å informere om hvasom skjer i bygda og bygdalaget. Benedikte tar dette videre.
Kongsvika:
Hans Inge har sendt inn ny dokumentasjon i forhold til stedsnavn-saken.
Havgangen:
Leif informerer om arbeidet med Havgangen. Har vært i kontakt med Nordsjøløypa om støtte til
løypeskilt og informasjonstavle. En slik støtte forutsetter nasjonal registrering av løype og at vi
forplikter oss til vedlikehold. En del diskusjon om dette er noe vi vil være med på. Ikke alle så på
dette som udelt positivt for bygda. Fordi søknadsfrist er nær forestående, ble vi enige om å utsette
en eventuell søknad til neste år.
Leif har allerede samarbeid med skolen om å lage skilt med gamle stedsnavn langs løypene.
Vedtektsendring:
Årsmøtet stemte for vedtektsendring om vara medlem. Vedtektene må derfor revideres. Hans Inge
mente han hadde elektronisk versjon av forrige utgave.
Postnummer:
På årsmøtet opplyste Tore at bygdalaget kom til å følge opp saken om eget postnummer på Algrøy.
Vi besluttet å ta dette opp igjen på neste møte.
Neste møte:
Torsdag 17. mars klokken 19.00. Dette blir et rent festmøte
Referat fra årsmøte i Algrøy Bygdalag
Sted: Biblioteket på Algrøy skule
Tid: Mandag, 21. februar, 2011
Møteleder: Tore Hovland, styrelder
Referent: Per Vadseth
Oppmøte: 21 medlemmer, inklusive styremedlemmer
Godkjenning av inkalling og saksliste:
Innkalling og saksliste ble godkjent uten kommentarer.
Årsmelding:
Skriftlig årsmelding ble delt ut og gjennomgått.
Leif Algrøy orienterte muntlig om arbeidet i friluftsgruppen;
• Havgangen var en suksess med ca 80 deltagere. Dato for neste arrangement ble etter
diskusjon satt til 2. pinsedag.
• Skøytedag med utdeling av 22 bronsemerker
• Invitasjon til hjerte- og lungeredning er sendt ut
Regnskap:
Detaljert regnskap og oversikt ble delt ut og gjennomgått av kasserer Grete-Mona Hauge.
Regnskapet viste ett underskudd på kr 15.917,19. Saldo per 31.12.2011 var kr 79.445,72. Ingen
kommentarer til regnskapet.
Valg:
Valget ble ledet av Reidun Erland som var i valgkomite sammen med Camilla Algrøy.
Nils Algrøy, Grete-Mona Hauge, Tore Hovland har sittet i 4 år, og ønsket ikke gjenvalg. I tillegg
ønsket Siri Jørgensen å gi seg etter 1 år av familiære grunner.
Valgkomiteen presenterte 4 kandidater som ble valgt uten protester. Disse 4 var;
• Aud Svelund
• Benedikte Algrøy
• Thor Petter Braathen
• Hans Inge Algrøy
Per Vadseth har sittet i styret i 2 år, og tok gjenvalg for nye 2 år. Også han ble valgt.
Hans Inge Algrøy ble noe motvillig valgt som ny styreleder. Hans Inge ble valgt for 1 år siden Siri
bare har sittet et år. Dette for å få jevn utskifting av styret.
Ettersom forslaget om vedtektsendringen ble godkjent (se under), ble det også valgt et vara medlem.
Det ble stilt benkeforslag på Nils Kåre Algrøy. Han godtok, og ble valgt.
Camilla stilte ikke til gjenvalg i valgkomiteen. Etter ny praksis ble et av de avtroppende
styremedlemmene valgt inn. Tore Hovland ble valgt, og danner komite sammen med Reidun
Erland.
Kristin Algrøy ble valgt til Revisor.
Medlemskontigent:
Forslaget om å holde kontigent uendret ble vedtatt. 175,- for familie og 100,- for enkeltmedlemmer.
Vedtektsendring, varamedlem:
Forslaget om å øke styret med et vara medlem ble godkjent.
Innkomne saker:
Styret hadde ikke mottatt noen innkomne saker.
Eventuelt:
Arild Algrøy hadde forslag om å endre gjeldende praksis for 17. mai komite. Praksis har vært at foreldre til barn i skolen har vært med i komite annet hvert år. Det har blitt mye arbeid på få personer, samtidig som en er opptatt med å passe de minste barne. Forslaget ble møtt med forståelse, og det nye styret vil diskutere dette videre.
Nyeste kommentarer
30.01 | 16:51
Pappen ser deg!
08.06 | 11:07
Hei. Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass. Har hytte på Algrøy(siden 2002...
04.01 | 18:29
Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) u...
15.07 | 13:19
Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????