Dette er Algrøy

Årsmelding, Algrøy Bygdalag - 2011

Hans Inge Algrøy – leiar

Vigdis Sekkingstad - nestleiar

Aud Svelund – kasserar

Leif Algerøy

Benedicte Algrøy

Thor Petter Braathen

Per Vadseth (til august)

Nils Kåre Algrøy ( fast møtande vara til august, deretter fast medlem)

                                                ****

Det har vore avhalde månadlege styremøter i laget

Laget sine aktivitetar  sidan forrige årsmøte har i hovudsak vore fylgjande:

          1            Bygdafest

Bygdafest vart halden Mexikansk stil i mars, med god oppslutning og høg stemning

2                         Lunge – hjerte redningskurs  

I alt 4 Lunge – hjerte redningskurs  er haldne på Algrøy Bedehus med lokale helsearbeidarar som kursleiarar.

3      17. mai

17. mai vart feira på tradisjonelt vis med godt ver og mykje folk. Talar for dagen var Leif Algerøy

4                        Havgangen

Turmarsjen Havgangen vart gjennomført i juni med 127 deltakarar, som er 50% høgare deltakartal enn i 2010. Fint ver, god stemning og i hovedsak god tilbakemelding på merkinga av dei nye turløypene.

5            Turløypene

      Merkinga av turløypene er forsterka ved oppsetjing av fleire og bedre farga merker, og fritidsgruppa med Leif i spissen har gjort ein kjempeinnsats med å laga og setja opp skilt som viser stadnavn i terrenget langs løypetraseane

6                        Jonsokafta

      Jonsokaftefeiring med bålbrenning og grilling ved Vågsvatnet. God deltaking, men oppslutninga om annonsert transport og bygging av bål bør bli bedre.

7                        Langøykafeen

Drift av kafeen på Langøy sommaren 2011. Styret i Bygdalaget hadde 3 helgevakter på Langøykafeen i sommar. Det vart lite overskot til laget, men det er eit viktig lokalt tiltak å halda kafeen open. Bygdalaget har påteke seg tilsvarande oppgåve sommaren 2012, og vil oppfordra folk i bygda til å vera med på denne dugnaden.

8      Langøydagane

Bygdalaget deltok med stand på Langøydagane med informasjon om turløypene på

Algrøy og salg av kart mv. Vi er førespurd om deltaking i 2012, og då og med spørsmål om å ha eigen Algrøystand. Dette må drøftast med utstillarane frå Algrøy

        9            TV aksjonen

Søndagskafe i allaktivitetshuset  i samband med TV aksjon vart halde 23 oktober.

Vi fekk inn svært mange flotte gevinstar frå lokalt næringsliv mv

            Ca 100 møtte fram og arrangementet gav  eit overskot til TV aksjonen på  kr 5600

        10            Informasjonstavle

Bygdalaget har igangsett arbeid med å laga informasjonstavle om Algrøy med turvegar innteikna. Informasjonen vert plassert på ny tavle ved skulen og på Bygdalaget si oppslagstavle på vegen/plassen ved Storemyra.

       11            Julegrantenning

               Julegrantenning vart gjennomført den 27. november. Trass i dårleg ver var det

bra frammøte.

        12            Algrøykalendar

Bygdalaget har laga Algrøykalendar med flotte bilete frå nærmiljøet tekne av folk i bygda. Det er selt 90 kalendarar som har gjeve eit bidrag til drifta av bygdalaget med over 6000 kroner. 

        13            Heimeside,  www.bygdalaget.no

Bygdalaget har laga eiga heimeside med informasjon om Algrøy og aktivitetar som føregår her. Vi er svært stolte av denne sida som på 4 månader har hatt ca 14.000 besøk. Bygdalaget oppmodar folk i og utanfor bygda til å bidra med stoff til heimesida. Epostadresse for innsending av stoff finn du på sida.

        14             Fotokonkurranse

På heimesida har Bygdalaget ein avdeling for bilete. Lokale bilete kan brukast til kalendar, fotomontasje, informasjonsmateriell og til framvisning ved spesielle anledningar. For å få inn bilete har Bygdalaget via heimesida lyst ut fotokonkurranse med premiering

         15            Kongvikvegen

Navnesaka som gjeld Kongvikvegen rullar vidare og bygdalaget har sendt inn ny klage med nye opplysningar. Kommunen støttar  våre synspunkt og har sendt saka til ny handsaming hos Klagenemnda for stadnamnsaker der handsamingstida er lang

         16             Fartsgrense

Bygdalaget har på nytt teke opp saka om fartsgrense på Algrøy/ Langøy. Vegvesenet har avhalde farts-/ og trafikkmåling på Langøy og vil vurdera redusert fartsgrense på nytt ut frå dette. Tidsramme ukjent.

Vi har og førespurt Vegvesenet om det er mogeleg å male kvit stripe for forgjengarsti på vegskulderen mellom Algrøy og Langøy slik at forgjengarar/ turgåarar kan ferdast tryggare. Dette har Vegvesenet avslått med grunngjeving at det ikkje er plass til gangsti på så smal veg

       17            Postnummer

Bygdalaget har på nytt bedt om eige postnummer for Algrøy, men fått til svar at dette  ikkje er mogeleg. Saka vert ikkje teke opp igjen med det første.

       18            Tilskot til Bygdalaget

Bygdalaget har i året motteke kr 2000 i driftstilskot frå Fjell Kommune

       19            Tilskot frå Bygdalaget

Bygdalaget har i 2011 gjeve kr 1000 i tilskot til skidag for skuleborna på Algrøy Skule

Styret takkar bygdefolket for god oppslutning om laget sine arrangement og aktivitetar  i 2011 og for deltaking i dugnader.

Dette vil vi arbeide med i 2012.

I 2012 vil Bygdalaget halda fram arbeidet med å laga til arrangement ved dei faste anledningane.

Vintersportsaktivitetar vil verta gjennomført hvis føret tillet det

Turvegprosjektet vil bli vidareutvikla ved opprusting av sti/ veg der det er behov for dette

Nye  lunge- hjerteredningskurs vil verta haldne

Heimesida vil verta halden ved like og vidareutvikla

Vi håpar på framleis god oppslutning frå bygdefolket både til førebuing av arrangementa og som deltakarar, og tek svært gjerne imot innspel til saker laget skal delta i og arbeida med

Algrøy,20. januar 2012

Styret i Algrøy Bygdalag 

Nyeste kommentarer

30.01 | 16:51

Pappen ser deg!

08.06 | 11:07

Hei. Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass. Har hytte på Algrøy(siden 2002...

04.01 | 18:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) u...

15.07 | 13:19

Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????