1.
Allaktivitetshuset kan leigast
ut til personar over 25 år og ansvarleg for tiltaket skal vera til stades nå
aktiviteten pågår. Nøkkel til bygget kan hentast etter avtale, og utlevering skjer
mot kvittering for mottak.
2.
Lokaler og
utstyr/inventar skal handsamast forsiktig og ein skal vera nøye med å setja
alle ting på plass slik det var før bruk Det skal ikkje nyttast fleire rom enn
det som er nødvendig for aktiviteten. Hvis noko vert skada eller øydelagt under
bruk, skal dette førast inn i logg som heng på kjøkkenet og meldast til
bygdalaget. Erstatningsplikt vert vurdert i kvart einskild tilfelle.
3.
All trafikk inn og ut
av hallen skal føregå gjennom hovuddør og gang for at ikkje sand og skit skal
vera dregen inn. Sportsgolvet tåler lite og ein må tørka godt av utesko før ein
går inn i hallen. Direkteinngangane til gymsalen skal
ikkje
brukast som
inn- og utgangsdør til hallen.
Det
må heller ikkje forgå aktivitet inne som kan skada golvet
4.
Røyking skal ikkje
finna stad inne, og ved evt røyking utanfor huset skal alle spor fjernast.
Alkoholbruk skal følgja dei til ei kvar tid gjeldande reglar for dette.
5.
Leigetakar pliktar å
setja seg inn i branninstruks for bygget og følgja reglane i dette.
6.
Leigetakar skal vaska
alt kjøkkenutstyr som har vore i bruk. Instruks for bruk av oppvaskemaskin er
hengd opp på kjøkkenet. Kjøkkenhanddukar og oppvaskfiller skal takast med heim
for vask og leverast tilbake snarast mogeleg. Alle mat- og drikkerestar skal
fjernast frå kjøleskapet. Alt boss skal fjernast frå bygget og uteområdet skal
vera rydda for evt boss. Det skal kontrollerast at alle alle elektriske apparat
er avslått og støpsel teke ut av kontaktar.
7.
Leigetakar er ansvarleg
for vasking og rydding av alle rom som har vore i bruk. Dette omfattar og
gangar, garderobar og toalett.
Reingjering
av golv og toalett fylgjer eigen reingjeringsinstruks som er opphengd på
vaskerom der ein også finn filler, moppar og vaskemidlar.
Golv
i hall skal reingjerast med mopp, golv i kjøkken, gang og garderobar skal
vaskast med vatn og vaskemiddel
8.
Når ein forlet lokalet
skal ein forsikra seg om at alle vindauge er lukka, alle lys sløkte og alle dører
låste. Nøkkel skal leverast til utleigarrepresentant.
9.
Leigepris for private
ikkje kommersielle formål for fastbuande er kr 750, andre kr 2000. Konto for
innbetaling 3628.53.94036.