Dette er Algrøy

Algrøy bedehus

Bedehusets historie

Algrøy bedehus vart innvigd 6. oktober 1929. Dette er no 82 år sidan og mangt har endra seg i samfunnet sidan den gang, men samlingane på bedehuset held fram.

Tanken om å få eit bedehus er nok eldre, og innsamling av midlar tok til i 1924. Dette året kallar vi her på Algrøy for Kongvikåret. Dette på grunn av at det vart kasta mykje sild i Kongvika, 30000hl. Under oppgjeret etter det store sildeeventyret vart det m.a. gjeve kr 1000,- til bygging av bedehus. Dette var mykje pengar i dei dagar.

Seinare vart det sendt ut lister på Algrøy og Dyrøy der folk kunne teikna seg for ein sum. Det vart teikna for kr 3.635,- på Algrøy og kr 575,- på Dyrøy. Ellers kom det inn frivillige gåver frå kr 5,- og oppover til kr 50,-. Frå møteprotokollen kan vi lesa at det m.a. vart gjeve kr 46,- frå ein 17.mai fest ved Brita Langøy, og frå Langøen Notlag vart det gjeve kr 275,-. Tilsaman kom det inn kr 6.026,12. I tillegg vart det teke opp to private lån a`kr 1000,-.

Arbeidet med huset tok til våren 1929. Det var fire bygningsmenn og formannen heitte Stevnebø. Desse budde privat. To i Myra og to i Brekko. Det vert fortald at då Algrøyfolket samlast for å ta dei første spadetaka, sang dei: "I Jesu navn skal all vår gjerning skje." Materialane til bedehuset vart boren frå sjøen og fram til tomta, og alle viste stor interesse og var med. Dei hadde tanke for bedehuset. 

Inntektene var ikkje så store, men det er ein fast inntektspost som går igjen. Den første laksen som "Hauaren" og "Gararen" sitt lakselag fekk, skulle gå til bedehuset. Dette utgjorde i 1931 kr 33,- og kr 19,21. Ellers kan ein nemna at halvparten av juletrefesten same året er intektsført med kr 10.00.

At det var tronge tider kan vi lesa i referatet frå styremøtet 30. august 1931. Sitat: "Ljosskatten tykte ein var mesta stor og særleg siste avlesing på målaren var reint for galt." Ser vi på tala i rekneskapsboka var dei for første halvår 1930 kr 25,-
til ljosskatt.

Problemer har det og vore. I same referatet kan vi lesa at det var problem med songlaget. Sitat: "Mange kom med klage på songarane at dei bar seg usømeleg åt under øvingane på bedehuset. Dette måtte det verte slutt på, ellers fekk dei ikkje huset."

Den første vekkelsen på bedehuset var i november 1932, og det var folk i sin beste alder, både kvinner og menn som vart kristne. Det var Johannes Kjøpsnes som var talar, og han hadde møter i mange veker. Blant minnene frå den gongen er det i ein heim på Algrøy ein bibel der det står skrevet: "NN og kona ble herleg frelst frå sine synder 13. november 1932." Seinare har det vore vekkelse ved Nelly Nilsen og andre vekkelser. 

I 1937 vart Algrøy Indremisjonsforening stifta og styret vart vald etter DVI sine lover. Frå festskrivet til 50 årsjubileet kan vi lesa at det var delte meiningar om huset skulle kallast bedehus og vera under DVI, eller om det skulle vera eit frittståande forsamlingshus.

Den 12. mai 1956 var det medlemsmøte om utviding og plating av bedehuset. Det vart vedteke og utvida mot nord. Seinare vart det og utvida mot sør. Arbeidet vart gjort av folket sjølve. Vi fekk eit meir tenleg hus etter påbygginga, og i seinare år har vi prøvd å gjera huset meir praktisk.

Bedehuset har vore ein sentral samlingsstad for folket på Algrøy i desse åra som har gått. Skulehuset var inntil 1952 i "Nyo", og var lite tenleg for bruk utanom skuletid. Det var heller ikkje innlagt straum i skulehuset.

Bedehuset har vore brukt til ymse kurs av lengre eller kortare tid. Vi kan nemna kokekurs, sykurs og førstehjelpkurs. I mange år hadde heimeverande mødre med små born formiddagstreff på bedehuset. Bedehuset har såleis fungert til beste for folket både på det praktiske- og åndelege plan.

Bedehuset har vore brukt av ulike lag og organisasjonar, og i perioden 1989 - 1999 vart det innsamla kr 936.000,- til desse.

Det har vore dreve eit aktivt barne og ungdomsarbeid på bedehuset. Her kan nevnast søndagskule, yngres, barnekor og Krik, og dei siste åra SKB(søndagskule, Krik og barnekor samanslegen)

Bedehuset sitt navn er EMMAUS og tyder varmekjelde. Det er vårt ynskje at "huset" framleis kan vere ei varmekjelde for bygda vår.

Utdrag frå opplesing under Kulturkveld Algrøy bedehus 3.sept 2005 av Olav Algrøy

Kjelder: Bedehusprotokoller
            Festskrift til 50, 60 og 70 års jubileet

Nyeste kommentarer

30.01 | 16:51

Pappen ser deg!

08.06 | 11:07

Hei. Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass. Har hytte på Algrøy(siden 2002...

04.01 | 18:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) u...

15.07 | 13:19

Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????