Første gongen Algrøy er
nevnt i kjende skriftlege kjelder er i eit Skattemantal frå 1519. Historikarane
meinar at garden har røter tilbake til jernalderen og at det budde folk her i høgmellomalderen
(år1300) Frå den tida og fram til Reformasjonen i 1536, var det geistlege
institusjonar i Bergen som eigde om lag 90 % av jordegodset i Fjell,
herunder og Algrøy. Sannsynlegvis var dette gåver frå kongane på 1100 og 1200
talet. Når og korleis desse gardane hadde vorte krongods fins det ikkje sikre
svar på, men det vert forklart med at kongane under rikssamlingsprosessen på
slutten av 800 og byrjinga av 900 talet hadde konfiskert jordegods frå lokale
hovdingar og småkongar som hadde det i si eige. Dersom det var slik har Algrøy
vore del av eit hovdingdøme eller smårike i første delen av Vikingetida.
Reformasjonen i
Danmark-Norge i 1536 førte til omfattande endringar i eigedomstilhøva. Kongen
var overhode for kyrkja og overtok formelt alle geistlege jordeigedomar, dette
førte til at alle gardane som hadde tilhøyrt Bergensbispen i Mellomalderen kom
på kongens hender og vart krongods. Mellom desse 21 gardane i Fjell var Algrøy,
og kongen vart største jordeigar i Fjell.
Den Dansk- Norske kongen førte
krigar mot Sverige og hadde store pengebehov. Han pantsette difor gardar til
embetsmenn og byborgarar for å få låna pengar av dei, og då han ikkje kunne
betala tilbake måtte han etterkvart selja desse gardane.
I skøyte datert 1.mai 1663
sel kongen Algrøy til den danske adelsmannen Axel Sehested som berre etter nokre månader selde vidare
til enkja Abel Munthe som hadde vore gift med lesemeister Peder Nilsen Lem i
Bergen.
I 1676 eller 1677 overtok Hans
Claussen, som var overtollbetjent i Bergen, Algrøy. Han selde garden vidare til
Søren Breder, soknepresten på Sotra i 1688. Etter at Bremer døydde gifta enkja
Ida seg oppatt med Lars Hansen Weiner, ein av rådmennene i Bergen. Ida døydde i
1698 og Weiner vart ståande som eigar av Algrøy.
Weiner døydde i 1703 og ved
skøyte av 22. august 1704 selde enkja, Maria Thormøhlen, Algrøy til Didrik
Lampe som var skinnkræmmer i Bergen. I 1710 selde Lampe Algrøy, og
eigedomsretten vart no stykka opp på fleire hender. Oppsitjarane sjølv sikra
seg tre fjerdepartar av garden. Utover 1800 talet kom heile Algrøy på brukarane
sine hender, i 1865 var 9 av 14 brukarar sjølveigarar og den siste leiglendingen
kjøpte bruket sitt i 1865.
Ved utskiftinga i 1907 var
det 15 hovedbruk på Algrøy av ulik storleik.