Algerøy,
fiskarheim, vi deg helsar høgt og herdig.
Der du ligg
i havet verdig, like byrg for kvar ein svein.
Vi om deg
ein song vil syngja,
Lat han
ljoma rein og klår,
For vi
elskar deg av hjarta, du er vår.
Algerøy,
havets møy, aud og snau du stig or havet,
Og vi jamt
vert trøytt av kavet, her på deg du nakne øy
Men vi
likevel deg elskar,
For du er vår
fedragard,
Der vi
glade leikar oss hjå mor og far.
Algerøy,
langt i hav, vi ein ting av deg kan læra,
Og det er
at vi må vera, småe her i livets krav.
Dei som
altfor høgt vil stiga,
kan so
lette detta ned.
Difor trå
kje høgt, men far med sømd og fred.
Algrøy
mann, opp og fram, stell med garden, dyrk opp jorda,
So du mat
kan få på borda, og kan føda sau og lam
Tak so båten,
ro på havet
Og hiv
fisken inn om bord
Då det vert
ei råd for både små og stor.
Algrøy
mann, opp og fram, tenk på skrifta husk på orda,
Grav kje
pundet ned i jorda, men ver trugen i ditt kall.
Og når
storm og uvær rasar,
Og det bryt
på fall og flud,
Sjå då over
alle stormar opp til Gud.
Algrøysangen ble skrevet av lærer Tveit på Algrøy for ca 100 år siden