Dei eldste skriftlege kjeldene om Algrøy
Første gongen Algrøy er nevnt i kjende skriftlege kjelder er i eit Skattemantal frå 1519. Historikarane meinar at garden har røter tilbake til jernalderen og at det budde folk her i høgmellomalderen (år1300) Frå den tida og fram til Reformasjonen i 1536, var det geistlege institusjonar i Bergen som eigde om lag 90 % av jordegodset i Fjell, herunder og Algrøy. Sannsynlegvis var dette gåver frå kongane på 1100 og 1200 talet. Når og korleis desse gardane hadde vorte krongods fins det ikkje sikre svar på, men det vert forklart med at kongane under rikssamlingsprosessen på slutten av 800 og byrjinga av 900 talet hadde konfiskert jordegods frå lokale hovdingar og småkongar som hadde det i si eige. Dersom det var slik har Algrøy vore del av eit hovdingdøme eller smårike i første delen av Vikingetida.
Reformasjonen i Danmark-Norge i 1536 førte til omfattande endringar i eigedomstilhøva. Kongen var overhode for kyrkja og overtok formelt alle geistlege jordeigedomar, dette førte til at alle gardane som hadde tilhøyrt Bergensbispen i Mellomalderen kom på kongens hender og vart krongods. Mellom desse 21 gardane i Fjell var Algrøy, og kongen vart største jordeigar i Fjell.
Den Dansk- Norske kongen førte krigar mot Sverige og hadde store pengebehov. Han pantsette difor gardar til embetsmenn og byborgarar for å få låna pengar av dei, og då han ikkje kunne betala tilbake måtte han etterkvart selja desse gardane.
I skøyte datert 1.mai 1663 sel kongen Algrøy til den danske adelsmannen Axel Sehested somberre etter nokre månader selde vidare til enkja Abel Munthe som hadde vore gift med lesemeister Peder Nilsen Lem i Bergen.
I 1676 eller 1677 overtok Hans Claussen, som var overtollbetjent i Bergen, Algrøy. Han selde garden vidare til Søren Breder, soknepresten på Sotra i 1688. Etter at Bremer døydde gifta enkja Ida seg oppatt med Lars Hansen Weiner, ein av rådmennene i Bergen. Ida døydde i 1698 og Weiner vart ståande som eigar av Algrøy.
Weiner døydde i 1703 og ved skøyte av 22. august 1704 selde enkja, Maria Thormøhlen, Algrøy til Didrik Lampe som var skinnkræmmer i Bergen. I 1710 selde Lampe Algrøy, og eigedomsretten vart no stykka opp på fleire hender. Oppsitjarane sjølv sikra seg tre fjerdepartar av garden. Utover 1800 talet kom heile Algrøy på brukarane sine hender, i 1865 var 9 av 14 brukarar sjølveigarar og den siste leiglendingen kjøpte bruket sitt i 1865.
Ved utskiftinga i 1907 var det 15 hovedbruk på Algrøy av ulik storleik.
BLI MEDLEM
Vil du støtte oss i arbeidet og dra fordelane som er av å bli medlem kan du bruka kontaktskjema du finn i hovedmenyen under "Bli Medlem"
Styret i Algrøy Bygdalag
Gi grasrotandelen din til Algrøy bygdalag!
Visste du at du kan være med å dele ut av Norsk Tippings overskudd til et valgfritt lag eller en forening? Alt du trenger å gjøre er å bli grasrotgiver. Enkelt, og helt gratis for deg!
Algrøy Bygdalag er nå registrert, så det er bare å søke oss opp og legge oss til. Vi håper på denne måten å få inn flere kroner i kassa til Bygdalaget - slik at vi kan fortsette å gjøre Algrøy til en god plass å bo!