Vedtekter

Vedtekter og havnereglement for Algrøy Båtlag

Framlagt for medlemmene på møte den 18.09.01, deretter vedteke med nokre endringar på årsmøtet i Algrøy Båtlag den 12.12.01, med endringar vedteke på årsmøtet 13.01.03, og endringar vedteke på årsmøtet 18.02.08.

Vedtekter

§ 1.         Føremål

1.            Algrøy Båtlag er ei sjølvstendig verksemd opprtetta av Algrøy Bygdalag. Føremålet er å sikre dei fastbuande på Algrøy båtplassar og stå for utbygginga og drifta av desse.

2.            Laget kan også engasjere seg i andre tiltak for å skape eit godt båtmiljø på Algrøy, t.d. utbreie kunnskap om sjøvett, sjømannskap og båtmateriell, arrangere turar og medlamsmøter, samarbeide med andre foreiningar om fellesoppgaver av maritim art, og løyse andre oppgåver av interesse for båtlaget.

 

§2.          Medlemsskap

 1.            Medlemmer er båseigarane i båtlaget. Rett til medlemsskap har einkvar fastbuande på Algrøy som vil arbeide for båtlaget sitt føremål og rette seg etter laget sine vedtekter og havnereglement. Medlem vert ein når ein får seg tildelt båtplass. Betalingsdato for innmeldingsgebyr og årsavgift fastset ansienniteten til medlemmene.

 2.            Medlemsskap og rettar følgjer medlem og ikkje båt. Ved dødsfall vert medlemsskap og rettar overført til gjenlevande ektefelle/registrert sambuar, eller til born som overtar båt i bås. Medlemskap med alle rettar kan til einkvar tid overførast til ektefelle, born eller foreldre. Styret skal godkjenne overføringa. Medlemskapet føreset at medlemmet er fastbuande på Algrøy. Det kan ikkje overførast til nokon som ikkje bur her, korkje ektefelle, born eller foreldre.

3.            Utmelding kan berre skje ved avhending av båtplassen.

4.            Er ein mellombels busett utanfor Algrøy, kan medlemmet oppretthalde medlemskapet og alle rettar. Styret avgjer om flyttinga er av mellombels art.

 

§ 3.         Eksklusjon

Medlemmer som ved si framferd skader båtlaget, misbruker båtlaget sin eiendom, aktlaust eller medvite påfører båtlaget eller medlemmene skade, ikkje rettar seg etter laget sine vedtekter og havnereglement, eller på annan måte opptrer ukollegialt, kan etter skriftleg åtvaring ekskluderast av laget.

Eit medlem som vert ekskludert, får ikkje refundert anna enn innskotet.

 

 § 4.         Erstatning

Algrøy båtlag er ikkje økonomisk ansvarleg for skade på båtar, materiell eller personar innan det området som laget disponerer. Medlemmene pliktar å ansvarsforsikre båtane sine. Ein må oppgi forsikringsselskap på førespurnad frå styret.

 

§ 5          Innmeldingsgebyr, bryggeinnskot og årsavgift

1.            Eit medlem (båseigar) betaler ei eigongsavgift og ei årleg avgift. Eingongsavgifta er betaling for båtplassen, og beløpet er delt i to. Eine delen er eit innmeldingsgebyr. Det vert ikkje refundert ved utmelding. Andre delen er eit bryggjeinnskot. Berre dette beløpet kan båseigaren få att ved sal. Storleiken på begge beløpa vert fastsett av årsmøtet, men bryggjeinnskotet kan justerast av styret mellom årsmøta. Det er ein føresetnad at bryggjeinnskotet normalt vert justert oppover om lag som konsumprisindeksen. Basis er konsumprisindeksen i 2001. Oppgradering av annlegget skal også vie att i denne summen.

 2.            Årsmøtet fastset den årlege medlemsavgifta.

 

 § 6.         Manglande innbetalingar

Medlemmer som ikkje betaler det dei er forplikta på innan dei fastsette frister, vil få tilsendt ei rekomandert purring. Vert den ikkje betalt innan 20 dager, vil medlemmet bli ekskludert. Jfr § 3.


§ 7.         Organisasjon

Algrøy Båtlag sin organisasjon består av årsmøte og styre.


§ 8.         Årsmøtet

Årsmøtet er båtlaget si øvste myndigheit og finn stad ein gong i året. Medlemmene vert innkalla individuelt med skriftleg varsel minst 14 dager i førevegen. Varslet skal også innehalda ei saksliste. Saker som ein ønskjer vert behandla på møtet, skal vere styret i hende seinast 10 dagar før årsmøtet finn stad. Formannen i Algrøy bygdalag, eller ein person han utpeikar, mottek også sakslista og har rett til å møte med talerett.

Årsmøtet skal gjere vedtak i følgjande saker:

1.            Styret sin årsberetning

2.            Revidert rekneskap.

3.            Budsjett og storleiken på innmeldingsgebyr, bryggjeinnskot, års- og dugnadsavgift.

4.            Srtørre endringar eller nyanlegg.

5.            Innkomne forslag.

6.            Val av formann, styremedlemmer, valkomite, revisor.

Vedtaka skjer med simpelt fleirtal av dei som er frammøtte på årsmøtet dersom ikkje vedtektene har fastsett noko anna.


§ 9.         Ekstraordinært årsmøte

Styret kan når det finn det naudsynt, innkalle til ekstraordinært årsmøte. Det skal innkalle til ekstraordinært årsmøte når minst 1/5 av medlemmene gjer skriftleg krav om det og angir kva slags saker som skal handsamast. Innkallinga skjer med minst 8 dagers varsel. Innkallinga skal gjere greie for kva saker som står på dagsorden.


§ 10.       Val

Formannen vert valt ved eige val for eitt år om gongen. Tre styremedlemmer vert valde for to år med utskiftning slik at ein får kontinuitet i styret. Revisor og valkomite vert valde for eitt år.


§ 11.       Styret

Styret består av formann og fire styremedlemmer. Formann og tre styremedlemmer vert valde av årsmøtet, jfr § 10, medan Algrøy Bygdalag oppnemner det fjerde medlammet. Styret konstituerer seg sjølv med nestformann, sekretær og kasserer.

Styret kjem saman etter behov og er den administrative myndigheita for båtlaget. Styret representerer båtlaget utad, utfører foretningar, samankaller til møter og ivaretek laget sin økonomi. Styret kan gjere vedtak om mindre endringar i byggjestruktur og anlegg. Styret planlegg og gjer framlegg om større endringar eller nyannlegg for årsmøtet (eventuelt eit ekstraordinært).

Styret legg fram årsberetning, revidert rekneskap og budsjett for årsmøtet, og innkallar til dette.

Styret er vedtaksført når minst tre medlemmer er til stades. Formann og eit styremedlem forpliktar i fellesskap med sine underskrifter laget overfor ein tredje part.

Det skal førast referat frå møtene som skal sendast til alle medlemmene.


§ 12        Båtplass og medlemsrettar

1.            Tildeling og eigarskap

a)            Einkvar fastbuande på Algrøy kan søkje om båtplass/medlemskap. Søknaden skal vere skriftleg.Viss det ikkje er ledig bryggjeplass, får søkjaren innan to veker tildelt ”kønummer” og oversikt over kven som står føre ein på lista.

b)            Ein husstand kan ikkje ha meir enn ein båtplass

c)            Når båtlaget har ledig bryggjeplass, vert denne tildelt søkjøarar etter ansiennitet. Desse vert dermed bås- eller bryggjeeigarar og medlemmer i båtlaget. Ved melding om tildelt bryggjeplass skal eingongsavgifta (innmeldingsgebyr og bryggjeinnskot) betalast. Dersom realiseringa av søknaden føreset utbygging, kan styret krevje dette beløpet betalt forskotvis i samband med utbygginga.

d)            Båseigaren disponerer den tildelte båsen inntil den vert avhenda. Likevel kan båtlaget i særlege høve krevje båten flytta til ein annan bås av same storleik dersom laget finn det naudsynt. Likeeins kan båseigar uten ekstra kostnad søkje om å få flytte til ein annan ledig bås av same storleik. Slike søknader har prioritet framføre tildeling til nye medlemmer.

 

2.            Storleiken på båsane

a)            Ein bås kan maksimalt vere 5 meter breid (senter – senter utrigger) og utrigger/fortøyningsbom kan ikkje vere lengre enn 12 meter.

Maksimal totallengde på båt i båtlaget er sett til 14 meter.

b)            Båtar i båtlaget skal ikkje stikke meir enn 2 meter bakanfor utriggar/fortøyningsbom. Styret kan etter søknad gjere unntak frå denne regel.         

c)            Båseigar betaler etter storleik (lysåpning)på båsen, men likevel slik at utriggar og fortøyningsbom er heilt ut betalt saman med nabobåsen, det vil seie at kvar båseigar betaler for to halve utriggarar/bommar. Utviding av båsen kan skje i den grad det er plass og høve til det, mot ei tillegsavgift svarande til auken. Søknad frå ein båseigar om utvida båsplass, har prioritet framføre søknader om nye tildelingar.

 

3.            Bruk av straum

Ved bruk av straumuttak betaler brukarane ei avgift. Andre som ikkje har bryggjeplass, kan i einskilde høve kjøpe straum etter avtale med havnesjefen.

 

4.            Utlån-utleige, mellombels fråver

a)            Ein båseigar har høve til å låne eller leige ut (framleige) båtplassen sin ved eige fråver. Han er då sjølv ansvarleg for at medlemspliktene vert ivaretekne. Kortare utlån eller utleige(inntil ein månad) skal meldast til havnesjefen som godkjenner ordninga. Lengre utlån eller utleige skal meldast til styret for godkjenning. Utleige skal skje til leigeinteressentar i prioritert rekkefølgje etter ei venteliste. Interessentar melder si interesse skriftleg til styret. Leigeinteressentar busette på Algrøy har prioritet. Utleigar har ikkje høve til å krevje meir i leige enn det som er fastsett av båtlaget.

b)            Båseigar kan i eit utleigehøve også fråseie seg leigeinntektene til båtlaget. Då kan båtlaget stå som utleigar og ivareta båseigaren sine plikter slik at han sjølv mellombels er friteken frå årsavgift og dugnadsplikt.

c)            Båtlaget er under inga omstende ansvarleg for at båseigar taper utleigeinntekter på ein bås han ikkje nyttar.

d)            Båtplassar som ikkje vert nytta, kan båtlaget disponere vederlagsfritt etter avtale med båseigar, til dømes som gjestebrygge, men alltid slik at det ikkje går ut over eigaren sine rettar.

 

5.            Utmelding – avhending av bryggjeplass

a)            Når eit medlem (ein båseigar) melder seg ut, har båtlaget førsteretten, men inga plikt, til å innløyse båtplassen til den prisen som til ein kvar tid gjeld for bryggeinnskot, og / eller selje den vidare til aktuelle søkjarar. Dersom båtlaget ikkje nyttar seg av denne retten, kan båseigar selje båtplassen sinj vidare til ein som hart rett til medlemskap, sjå ovanfor. Før salet skal styret handsame ein søknad frå kjøparen om medlemskap i båtlaget, som såleis godkjenner salet. Salssummen skal vere lik den som er fastsett av båtlaget, og innmeldingsavgifta skal gå til båtlaget. Eit sal som er gjort utan at båtlaget har godkjent det, vert å rekna som ugyldig.

b)            Ved flytting beheld medlemmet båtplass med alle rettar og plikter inntil det melder seg ein kjøpar eller båtlaget vil innløyse plassen. Eit medlem er då pliktig til å selje etter reglane under punkt 5.a.

 

6.            Dugnad, vaktteneste

Medlemmene (båseigarane) pliktar å ta del i dugnadsarbeid og eventuell vaktteneste fastsett av styret. Dei som ikkje møter (eller stiller med ein vikar), betaler ei avgift fastsett av årsmøtet. Leigetakarar har ikkje dugnads eller vakttenesteplikt.

 

§ 13        Styret kan, i den grad det er ledig kapasitet, leige ut bryggjeplass og anleggogså til slike som ikkje er fastbuande på Algrøy. Desse betaler ikkje innskot men ei fast leige, og dei er ikkje medlemmer i båtlaget. Styret fastset lengda på utleigetida (eventueltgjensidig oppseiingstid) og kva som skal betalast i leige. Leigarar er underlagt dei same reglar som båseigarar så langt desse er relevante.     

                           

§ 14        Endring i vedtektene

Framlegg om endring av vedtektene skal leggjast fra for årsmøtet gjennom styret innan den frista som er sett for årsmøtesaker. Vedtak føreset ¾ fleirtal.

 

§ 15        Oppløysing

Laget kan berre oppløysast etter vedtak av årsmøtet når minst 2/3 av medlemmene er til stades og vedtak er gjort med ¾ fleirtal av dei som er frammøtte. Det skal så oppnemnast eit interrimstyre som skal ta seg av anlegget i eit år. Deretter skal det innkallast til eit nytt årsmøte der berre oppløysingssaka står på dagsorden. Vedtak om endeleg oppløysing må ha ¾ fleirtal av dei som er frammøtte. Rettane til bryggefeste og dei etablerte godkjenningar skal overførast til Algrøy Bygdalag. Dei kan ikkje overførast til føretak eller einskildspersoner utanfor Algrøy, eller til einskildpersonar eller kommersielle føretak på Algrøy.

 


Havnereglement

 1.            Styret i båtlaget er også havnekomite. Formannen i styret er havnesjef. Havnesjefen sin funksjonsperiode følgjer formannsperioden. Havnesjefen fører tilsyn med båtplassane og laget sin eiendom. Han anviser båtplassar (gjestebryggje), godkjenner kortids utleige og utlån, kan stille krav til fortøyning, foreslå dugnadstiltak for styret, og ser til at medlemmene rettar seg etter havnereglementet.

2.            Einkvar skal ferdast på og ved bryggeannlegget slik at ein tek hensyn til andre og ikkje skader menneske, anlegg eller andre sin eigedom. Båteigar er under inga omstende fråteke ansvar for slik skade.

3.            Einkvar pliktar å halde hovedbrygge, veg, parkeringsplass og gangvegar ryddige slik at det ikkje hindrar andre i å ta seg fram.

4.            Båtane må ikkje fortøyast slik at dei er til hinder for fri ferdsle på og til bryggja.

5.            Båseigar / -leigar pliktar å rette seg etter anvisningar frå havnesjefen. Anvisningane kan ankast til styret. Saker av prinsipiell karakter kan leggjast fram for årsmøtet.

6.            Utenforståande har ikkje adgang til laget sitt område utan i følgje med slike som er rettmessige brukarar.

7.            Medlemmene plikter å merkje det ein eig og halde dette i forsvarleg stand.

8.            Bøyeutlegg av den enkelte medlem er ikkje tillete.

9.            Motorkøyretøy må parkerast slik at det ikkje hindrar fri ferdsle.

Nyeste kommentarer

30.01 | 16:51

Pappen ser deg!

08.06 | 11:07

Hei.
Jeg ønsker svært gjerne og leie båtplass.
Har hytte på Algrøy(siden 2002).
Har leiet i marinaen tidligere, har nå båten liggende på Syltøy.
Ganske tungvint

04.01 | 18:29

Flotte og gøyale båter som er kommet i elevane :) jammen er du flink Leif;) ungene hadde det veldig kjekt.

15.07 | 13:19

Er noen som les e-posten som kommer til Båtlaget??????????